Knarrevik Munnspillkorps er 10 år. Korpset feira dette med 70 gjester i kultursalen i Fjell rådhus på fredag.
Frå 10-årsjubileet til Knarrevik MunnspillkorpsFleirtalet av medlemene er damer, og den yngste er rundt 20 år. Varaordførar Anita Garlid Johannessen var på plass på feiringa på fredag.
- I tillegg til at det er positivt at det er flest damer, så er det flott at dei går med flotte hattar. Eg anbefaler at de gjer dette oftare. Eg var ikkje klar over at det var eit munnspelkorps i Øygarden. Ver gjerne endå meir aktiv og frampå, sa varaordføraren.
Oddleiv Humlestøl vart utnemnd som æresmedlem. Han takka for all støtte korpset har fått, både med pengar og gratis øvingslokale.
Munnspel er eit fascinerande instrument som har ei rik historie og er ein del av det frivillige i Noreg. Knarrevik Munnspillkorps er drive av frivillige som brenn for musikk og fellessak. Det å treffast på denne måten er viktig for eiga helse og livskvalitet.
Her er fleire bilete:
Publisert 23.06.2025 09.46