Glade deltakarar på God Nok.Han og dei andre elevane har gjennom heile dette skuleåret vore med på God Nok, og no er det avslutning med pizza og klatring. Følelsen av meistring er stor!
God Nok er eit unikt samarbeid mellom Landro skule, skulehelsetenesta og Landro kyrkje. Det er helsesjukepleiar Charlotte Jørgensen og diakon Synnøve Elvina Engelsen som leiar arbeidet og dei har også med seg fire gode frivillige medarbeidarar. Tilbodet er livssynsope og føresette melder på elevane.
Ein stad å høyra til
Målet med God Nok er å gi elevane eit godt og inkluderande fellesskap, ein stad å høyra til, relasjonsbygging til trygge vaksne, utfordra dei til å stå for sine eigne val og å kjenna at dei kan stå støtt i seg sjølv. Dei er GODE NOK! Annakvar måndag er dei samla i grupper på skulen for å snakka om følelsar som nysgjerrigheit, sorg, glede og tryggleik. Diakon Synnøve leiar samtalane i gruppene og vil gje dei eit språk for følelsar og ei bevisstgjering på kvar av dei ulike følelsane sit i kroppen. Kvar sit sorg? Kvar kjenner ein glede?
Helsesjukepleiar Charlotte er også med i samtalane og leiar gruppene når tema er søvn, vennskap, utanforskap eller mobbing. Elevane har også fått bestemma litt kva dei vil snakka om i gruppene.
- Dette er førebyggjande
Klatring er populærtRektor på Landro skule, Anita Vabø, gjev God Nok to timar av undervisningstida annakvar måndag, slik at elevane kan få bli med.
- Dette er ei gåvepakke! Konseptet God Nok gjev elevane våre eit godt grunnlag for å stå støtt i seg sjølv og ei bevisstgjering på kven dei er og at dei er viktige for andre rundt seg, seier rektoren.
Vabø seier at dette samarbeidet er unikt og utfyller kvarandre sine ressursar inn mot denne aldersgruppa. Ho er overytydd om at God Nok gjev elevane ein god ballast vidare i livet.
- Dette er så førebyggjande! Og med fagpersonar som diakon og helsesjukepleiar er God Nok eit unikt arbeid, seier ho.
Når det ikkje er grupper på skulen er det «etter skuletid» i Landro kyrkje. Alle må gå gjennom God Nok-døra for å koma inn. Her er det ei lita samling med fokus på gode ord som takksam, tryggleik, glede og dei som vil skriva ned tankar om dagens tema på lappar og tenner lys i globen.

God stemning
Det er dei sjølve som bestemmer kva dei skal skriva og kva dei tenner lys for. Etterpå er det felles måltid, leik og aktivitetar i kjellaren. Det magiske her er at relasjonane til kvarandre vert sterkare og dei får fleire å vera saman med. «Rollene» dei har på skulen vert oppløyste og dei blir kjende med fleire. Det er høg lyd og herleg stemning!
Tilbodet God Nok skal utvidast til fleire skular, og det er håp om å starta opp på Ågotnes skule til hausten. Men det trengs flotte gode frivillige med i dette arbeidet.
- Dette er så fantastisk fint å vera med på! Det er eit viktig arbeid for 7. trinn som skal vidare ut i verda. Alle elevane i Øygarden skulle hatt dette tilbodet året før dei startar på ungdomsskulen, meiner Jarl Heggernes og Ragnhild Bjelland som er frivillige i God Nok.
Dagen med klatring er over og alle skal heim.
- Er dette verkeleg siste gangen med God Nok? spør dei.
Synnøve Engelsen bekreftar at det er det.
- Men hugs at du alltid er God Nok!
Foto: Synnøve Elvina Engelsen, diakon i Landro