Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 22.

Desse er ein viktig ressurs

Fardawsa Dahir Mohamed og Nina Herman er to av dei 12 nye servicemedarbeidarane som sidan 1. mars har vore i jobb på seks helseinstitusjonar i Øygarden.
- Vi likar oss godt her på Kvednatunet, seier dei.
Les meir.

Det vart ikkje streik

Hovudmeklinga hjå Riksmeklaren førte til at KS, LO og YS vart samde i forhandlingane natt til onsdag. Dersom partane ikkje hadde blitt samde, ville 84 tilsette i Øygarden kommune vore i streik frå onsdag.
Les meir.

- Eg likar å bruka hendene

Liam Pedersen (8c) har kystliv som valfag på Tranevågen ungdomsskule. Den 15. mai vart ein restaurert båt sjøsett ved naustet til Fjell Kystlag på Ågotnes. Vi møter Liam Pedersen og Jon Henning Sleire (9. trinn) som saman med lærar Inge Fagerli tek turen til naustet til Fjell Kystlag. Fagerli og kollega Geir Ove Neset er ansvarlege for kystliv-faget.
Les meir.

Ber om handlingsplan

Kontrollutvalet ber kommunedirektøren om å utarbeida ein handlingsplan knytt til trygt og godt skulemiljø. Bakgrunnen for dette er ein forvaltningsrevisjon som vart presentert på møtet i kontrollutvalet den 27. mai. Deloitte har i denne forvaltningsrevisjonen nytta dokumentanalyse, intervju og stikkprøvegjennomgang av saker der ein elev ikkje har hatt det trygt og godt på skulen.
Les meir.

Ønskjer eldrevennleg samfunn

Eldrerådet ønskjer at kommunen legg til rette for ei fysisk utforming som opnar opp for eit eldrevennleg samfunn ute i tettstadene og bygdene. Eldrerådet ønskjer at det må takast omsyn til at eldre får høve til å bu i eiga bygd. Elles ønskjer eldrerådet å delta i arbeidet med arealdelen på ulike tidspunkt i prosessen, ved å verta invitert inn i møta der det skal handla om møteplassar og bustadbygging.
Les meir.

Beste årgang

Vel tretti 77-åringar møtte opp i kultursalen på rådhuset på Straume då det var invitert til Beste årgang 20. mai. Også ordførar Tom Georg Indrevik talte til dei frammøtte. Formålet med Beste årgangssamlingane er at kommunen ønskjer å koma i kontakt med alle heimebuande 77-åringar som ikkje mottar omfattande hjelp frå kommunen eller får hjelp frå heimesjukepleia.    
Les meir.

Vil prioritera universell utforming

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) drøfta på møtet onsdag denne veka det vidare arbeidet med utkast til strategiar og prinsipp for arbeidet med arealdelen. Tema knytt til universell utforming er viktig for rådet.
Les meir.

Fordelte 100 tusen i støtte

Ungdomsrådet har løyvd 20 tusen kroner til fem tiltak retta mot ungdom. Totalt kom det inn 11 søknader med ein søknadssum på 301 tusen kroner. Rådet var samla til møte tysdag. Målsetjinga med ungdomsmidlane er å stimulera til aktivitetar som er retta mot ungdom i Øygarden.
Les meir.

Sommarferieaktivitetar for barn og unge

Her finn du oversikt over ulike sommarferieaktivitetar for barn og unge i Øygarden. Aktivitetane er støtta av Øygarden kommune og tilskotsmidlar frå Bufdir.
Les meir.

Kartlegging av naturtypar på nordre Litlesotra

Frå slutten av mai, og gjennom sommaren, vil Multiconsult på vegne av kommunen gjennomføra kartlegging av naturtypar på nordre Litlesotra. Målet med denne kartlegginga er å få meir informasjon om naturen i området. All ferdsel i samband med kartlegginga vil følgja reglane i friluftslova om god ferdselskultur. Dei som kartlegg tek kontakt ved behov for parkering og passering av tun.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (22)

  • 26.05.-27.05.:  KS-samling for ordførarar og kommunedirektørar Voss
  • 28.05.:  Stafett for livet – Knappskog skule
                Generalforsamling Eviny
  • 29.05.-30.05.:  Fri
  • 21.05.:  Opning Stafett for livet, Ågotnes
  • 01.06.:  Stafett for Livet Ågotnes

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (22)

  • 26.05.:   Bedriftsforsamling BIR
                  KS-samling på Voss (KS: fellesorganisasjon for
                  kommunane)
  • 27.05.:   KS-samling Voss
                  Fylkesstyremøte KS
  • 28.05.:  Sotra VGS
                 Møte i råd for personar med funksjonsnedsetjing