Liam Pedersen (til venstre) og Jon Henning Sleire fortel at denne båten skal visast fram på Torgdagen 31. mai. No ligg han og trutnar ved kaien til kystlaget på Ågotnes.Vi møter Liam Pedersen og Jon Henning Sleire (9. trinn) som saman med lærar Inge Fagerli tek turen til naustet til Fjell Kystlag. Fagerli og kollega Geir Ove Neset er ansvarleg for kystliv-faget.
I naustet viser Liam og Jon Henning fram ein stor oselvar som dei saman med resten av kystliv-gjengen jobbar med i naustet kvar torsdag. På fredagane arbeider dei med same prosjektet eit par timars tid, men det skjer i sløydsalen på skulen. Nokre jenter har fått ansvaret med å laga til gallionsfigurar til båtane. Keip, spant, ause andre delar til båten er gjerne av eik. Det er ein svært hard tresort og krevjande å arbeida med.
- Kystlivfaget er kopla opp mot praktisk handverk og arbeidslivsfag. Eg vert kjempemotivert for dette, seier Liam.
Det skal lagast segl til oselvaren som etter planen skal sjøsetjast i 2026.
Deltek på Torgdagen
I tillegg til oselvaren inne naustet, viser dei fram båten på 18 fot som vart sjøsett den 15. mai og som skal visast fram på Torgdagen. Båten kan minna om ein strandebarmar med eit lite skipsdekk heilt framme. Då båten vart sjøsett sist veke, tok elevane saman med lærarane ein køyretur med påhengsmotor. Båten var slett ikkje tett.
- Det lak så mykje vatn inn at vi måtte ausa heile tida, seier dei to elevane.
No ligg båten full av vatn ved kaien ved naustet. Håpet er at båten trutnar og er tett nok til at han kan køyrast eller slepast inn byfjorden til Torgdagen i Bergen og visast fram der den 31. mai. Det står framleis ein del arbeid igjen før båten er heilt strøken.
- Vi skal vera med på Torgdagen og visa fram båten, men sjølv reiser vi inn til sentrum med bil eller buss. Vi ser fram til det som skal skje på Torgdagen, seier Liam.
Jon Henning har vore med på kystlivfaget i eitt og eit halvt år.
- Det er godt å jobba i naustet. Det er rolegare å jobba saman i gruppa her. Det er flott å jobba praktisk med gamle båtar, seier han.
Liam har vore med sidan skuleåret starta i august i fjor.
- Eg har alltid likt å arbeida med hendene. Eg har interesse for gamle køyretøy både på sjø på land. Dette er meiningsfullt, og eg har lært mykje, seier han.
Liam og Jon Henning saman med lærar Inge Fagerli framfor oselvaren inne i naustet til Fjell Kystlag.Vennegjeng
Det er godt å ha tydelege lærarar rundt seg. Liam har lært dei godt å kjenna etter kvart.
- Dersom vi ikkje gjer det på den måten Inge vil ha det på, må vi gjera jobben på nytt. Vi får eit godt kameratskap her. Vi blir kort og godt ein vennegjeng, seier Liam.
Jon Henning var med og rodde oselvaren frå ein kai på Ågotnes og fram til kaien ved naustet til Fjell Kystlag.
- Vi måtte ausa heile tida medan vi rodde, seier han.
Inge Fagerli fortel at det er sju timar i kystlivfaget kvar veke, fem timar i naustet på torsdagane og to timar i sløydsalen på skulen om fredagane. Onsdag kveld, med Fjell Kystlag, får lærarane innføring i kva som må gjerast med båtane og gjerne korleis noko skal gjerast. Fjell Kystlag er ein viktig støttespelar for lærarane. Dagen etter kjem elevane og gjennomfører oppgåvene med kyndig hjelp frå lærarane.
Oselvaren er ei gåve frå ein glad gjevar i Telavåg. Den andre båten kjem frå Askøy.
- Det har vore ei bratt læringskurve også for oss som lærarar, og det vert ein del dugnadstimar i løpet av året. Utviklinga av kystliv som fag, er ein spennande prosess og eit gjevande prosjekt å arbeida med, seier Inge Fagerli.
Keipa vert gjerne laga av eik.Praktisk og engasjerande inngang til læring
Kystliv TU skal vera eit tverrfagleg undervisningsopplegg med fokus på kystkultur, tradisjonshandverk og sjøvett.
- Som lærar opplever vi at kystliv TU gjev elevane ein praktisk og engasjerande inngang til læring, der teori og praksis vert kombinert på en meiningsfull måte. Elevane får arbeida med konkrete prosjekt knytt til båtbygging, roing og navigasjon, samtidig som dei utviklar samarbeidsevner og får innsikt i lokalhistorie og berekraft, seier dei to lærarane, Inge Fagerli og Geir Ove Neset.
Dei seier at opplegget støttar kompetansemål i fleire fag, spesielt naturfag, samfunnsfag og kunst og handverk, og gjev rom for dybdelæring og meistring gjennom varierte læringsarenaer.
- Det er gjevande for oss lærarar å arbeida med elevar utanfor den vanlege klasseromsettinga. Å arbeida med et felles prosjekt og «deadline» engasjerer både elevar og lærerar, seier dei.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Inge Fagerli og Vigleik Brekke