Frå kontrollutvalsmøtet 27. mai. Prosjektleiar i Deloitte, Annbjørg Russdal ( i grøn jakke) presenterte forvaltningsrevisjonen av trygt og godt skulemiljø.Deloitte har i denne forvaltningsrevisjonen nytta dokumentanalyse, intervju og stikkprøvegjennomgang av saker der ein elev ikkje har hatt det trygt og godt på skulen.
- Revisjonen framhevar kor viktig det er for eit trygt skulemiljø i Øygarden at tilsette i skulen er trygge på korleis og kva tid dei skal følgja med, gripa inn og melda frå når elevar opplever å ikkje vera trygge i skulekvardagen, understrekar leiar i kontrollutvalet Stian Oen (Ap).
Undersøkinga viser at Øygarden kommune er i ferd med å etablera eit fagmiljø sentralt i kommunen som kan hjelpa skulane i systemarbeid og i enkeltsaker og at det er sett i verk fleire førebyggjande tiltak lokalt ved skulane. Vidare viser undersøkinga at dei tilsette ved skulane opplever å vera kjende med aktivitetsplikta. Når det gjeld handtering av enkeltsaker der elevar ikkje har det trygt og godt, viser undersøkinga at dei fleste aktivitetsplanane revisjonen har kontrollert, oppfyller minstekrava for denne type plan i opplæringslova.
Kontrollutvalet tilrår å ta forvaltningsrevisjon av trygt og godt skulemiljø i Øygarden kommune til etterretning.
Kommunedirektøren vert beden om å etablera system for å sikra at alle styringsdokument og prosedyrar blir jamleg gjennomgått, slik at ein sikrar at desse er oppdaterte og at det ikkje er tvil om kva føringar som er gjeldande. Han vert også beden om å utarbeida skriftlege rutinar knytt til gjennomføring av og oppfølging av resultat frå elevundersøkinga, for å bidra til auka systematikk i det førebyggjande skulemiljøarbeidet. Her kan du lesa heile tilrådinga frå kontrollutvalet. (PDF, 95 kB)
I undersøkinga er det gjennomført dokumentanalyse av relevante rutinar, prosedyrar og planar, og det er gjennomført intervju med sentrale personar på overordna nivå i Øygarden kommune. Vidare blei det valt ut tre barneskular i kommunen for nærare undersøkingar.
Ved desse utvalde skulane blei det gjennomført intervju med rektorane og to ulike grupper kontaktlærarar per skule. Relevante planar og rutinar blei henta inn og gjennomgått. Vidare har revisjonen gjennomført stikkprøvekontroll av to enkeltsaker pr. skule for å undersøka korleis tilfelle der ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø har blitt følgd opp.
Oppdraget er gjennomført i tidsperioden oktober 2024 til mai 2025.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Tingar forvaltningsrevisjon av samfunnssikkerheit og beredskap
Kontrollutvalet vedtok å tinga forvaltningsrevisjon av samfunnssikkerheit og beredskap av Deloitte AS, med utgangspunkt i forslag til prosjektplan og innspel under drøftinga i møtet.
Formålet med prosjektet er å undersøkja om Øygarden kommune har etablert tilstrekkeleg med system og rutinar for å sikra at kommunen er godt nok førebudd på å handtera uønskte hendingar og krisesituasjonar, på ein slik måte at desse ikkje truar vesentlege verdiar eller set innbyggjarane sine liv og helse i fare.
Årsmeldingar
Kontrollutvalet behandla også årsrekneskap og årsmelding 2024 for Øygarden bustadforvaltning KF også årsrekneskap og årsmelding 2024 for Øygarden kommune.
Sakene går til endeleg behandling i kommunestyret.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke