Hovudmeklinga hjå Riksmeklaren førte til at KS, LO og YS vart samde i forhandlingane natt til onsdag. Dersom partane ikkje hadde blitt samde, ville 84 tilsette i Øygarden kommune vore i streik frå onsdag.

I meklinga har LO og YS slutta seg til avtalen KS mellom Unio og Akademikarane i forhandlingane. Det er dermed framleis ein likelydande tariffavtale i tariffområdet til KS (fellesorganisasjon for kommunane).
Glad for meklingsløysing
Resultatet har ei ramme på 4,4 prosent, på linje med frontfaget i industrien.
– Det samla resultatet gjev alle grupper reallønnsvekst, og bidrar samstundes til å møta utfordringane til kommunane og fylkeskommunane med å behalda og rekruttera, ikkje minst i helse- og omsorgsektoren, i barnehagane og i barnevernet, slik at kommunar og fylkeskommunar kan tilby innbyggjarane gode tenester, seier forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø på nettsida til KS.
Publisert 28.05.2025 05.40