Frå møtet 26. maiDet var Jan Utkilen som fremja dette då rådet på måndag skulle gje uttale til det vidare arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Elles ønskjer eldrerådet å delta i arbeidet med arealdelen på ulike tidspunkt i prosessen, ved å verta invitert inn i møta der det skal handla om møteplassar og bustadbygging. I tillegg ber eldrerådet om å verta invitert inn til møte der aktuelle saker for eldrerådet vert behandla.
Tenesteskildringar
Det er utarbeidd detaljerte tenestekatalogar som skildrar kva forventningar innbyggjarane kan ha til kommunale tenester i tida som kjem. Både eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) har bedt om å få denne saka tilbake for å gje uttale i høyringsperioden. Levekårsutvalet har lagt saka på høyring fram til 22. juni.
Eldrerådet slutta seg til eit framlegg frå Gunn Glimsdal og Berit Anita Knudtsen Larsen der det vert lagt inn ein tekst som gjeld alle tenesteskildringane. Eldrerådet tilrår at prosjektgruppa vurderer kvar denne teksten passar best inn.
Eldrerådet ber i høyringsuttalen om at tenesta:
- Involverer og spelar på lag med pårørande.
- Har ein kontaktperson for pårørande.
- Syter for kompetanse hjå tilsette på betydninga av å ivareta pårørande (Pårørande kan også vera nabo, ven osb., ikkje berre familie).
- Gjev systematisk avlastning til dei pårørande.
- Har eit team rundt brukaren der pårørande er ein naturleg del av teamet.
- Gjev pårørande kompetanse til å stå i pårøranderolla dei har.
- Gjev informasjon kontinuerleg.
Ønskjer tilbod i eigen kommune
Eldrerådet gav innspel til behovsanalyse for helse og velferd, kultur, idrett og fysisk aktivitet. Rådet slutta seg til to forslag frå Jan Utkilen og eitt framlegg frå Johnny Eide.
Der heiter det at tilstandsrapporten for barnevernstenesta syner at fleire born må flytta ut av heimen og fleire born treng hjelp i statlege og private institusjonar. Det er ei utvikling som går i motsett retning enn intensjonane i den nye barnvernlova. Det er ein føresetnad at desse borna skal få eit tilbod i eigen kommune.
Det er ønskje om at det vert etablert omsorgsplassar med heildøgns tilsyn for barn og unge i 2026 som eit alternativ til statlege omsorgsplassar.
Bygging av omsorgsbustadar inkludert trinn tre i bustadtrappa skal stetta krava om heildøgns omsorgsplassar. Bustadane skal ha livsløpsstandard med tilgang til fellesfunksjonar og tilgjengeleg areal for fast bemanning knytt til bustadene. Det skal vera mogeleg med fleksibel nytte på ulike omsorgsnivå. Kommunen skal nytta seg av tilvisingsavtalar.
Vidare ber eldrerådet om at kommunen ikkje reduserer tilskot til alternativ undervisningstilbod til elevar som ikkje finn seg til rette i ordinær skuledag/undervisning. Kostnader i etterkant vert mykje høgare dersom slik reduksjon vert gjennomført.
Handlingsplan for eldrerådet
Sverre Bungum hadde eit forslag om å ta vekk eit punkt om «Sjukeheim heim» i handlingsplanen. Eldrerådet samla seg om å omformulera det som står om «Sjukeheim heim» under velferdsteknologi.
Eldredagen
Det vart informert frå ei arbeidsgruppe som arbeider med innhaldet i eldredagen 1. oktober. Det vert arbeidd med å promotera denne dagen på fleire informasjonsplattformer.
Informasjon
Det vart gjeve informasjon om eit nytt prosjekt i regi av TVEPS (Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring) og brukarundersøking heimetenesta. Det vart også orientert frå seminar om utfordringar for pårørande 12. mars og til saka om behovsanalyse for helse og velferd, kultur, idrett og fysisk aktivitet.
Tekst og foto: Vigleik Brekke