Beste årgang

Vel tretti 77-åringar møtte opp i kultursalen på rådhuset på Straume då det var invitert til Beste årgang 20. mai. Også ordførar Tom Georg Indrevik talte til dei frammøtte.

Frå samlinga 20. mai. - Klikk for stort bileteFrå samlinga 20. mai.

Dette er den niande gongen at det vert arrangert Beste årgang-samling i regi av Øygarden kommune. Formålet med Beste årgangssamlingane er at kommunen ønskjer å koma i kontakt med alle heimebuande 77-åringar som ikkje mottar omfattande hjelp frå kommunen eller får hjelp frå heimesjukepleia.    

Dette året vert det gjennomført tre samlingar. Det er samling i den søre delen av kommunen den 28. mai. Det er ny samling på Straume den 17. september. Det er konsulent i førebyggjande heimebesøk som arrangerer samlingane.

Friskliv og meistring har fått meir ansvar på samlingane. Det vart gjeve informasjon om deira tilbod. Mellom anna snakka fysioterapeut Henriette Leinæs om eit aktivt seniortilvære i eit fysioterapeutisk perspektiv. 

Andre tema var førebyggjande heimebesøk og innføring av Beste årgang og kva aktivitetar Øygarden kommune tilbyr. Det vart orientert om tilrettelegging i bustader, brannsikring, framtidsfullmakt, matnyttige råd til seniorar og styrke og balansetrening.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Hanne Gjemdal Hjortland