Frå møtet i råd for personar med funksjonsnedsetjing 28. mai.Når det gjeld bruk av strandsona ønskjer rådet at det vert tilgang til strandsona for brukargruppa. Det gjeld både fiskeplassar og båtplassar. Det er ønske om fokus på universell utforming når det gjeld friluftsliv og friområde. Under temaet næringsutvikling vil RFF at områda rundt må vera tilrettelagde for mjuke trafikantar og universelt utforma. Det må setjast krav om å ta vare på og tilføra grønt i all utbygging i kommunen.
Elles vil RFF vera engasjert i bustadstrategien og dei samla føringane for sentera.
Tenesteskildringar
Det er utarbeidd detaljerte tenestekatalogar som skildrar kva forventningar innbyggjarane kan ha til kommunale tenester i tida som kjem. Både eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) har bedt om å få denne saka tilbake for å gje uttale i høyringsperioden. Levekårsutvalet har lagt saka på høyring fram til 22. juni.
Rådet sluttar seg til tilrådinga frå kommunedirektøren, men understrekar i tillegg at BPA (Brukarstyrt personleg assistanse) må inn som eit punkt under dei ulike formene for avlastning som kommunen tilbyr, både for barn/ungdom og vaksne.
Behovsanalyse for helse og velferd, kultur, idrett og fysisk aktivitet
I samband med Øygarden 2040 (langsiktig investeringsplan og driftsanalyse) utarbeider kommunen behovsanalysar for tenesteområda. Formålet er å kartlegga kva for investeringar kommunen må gjera innanfor helse- og omsorgsbygg, bustadar, skular, idretts- og kulturanlegg og meir for å møta befolkningsveksten i framtida.
Det er i rapporten lagt inn tal for bustader for personar med funksjonsnedsetjingar. RFF meiner at tala kommunane har lagt inn som behov er for låge, ut frå dei aktuelle brukarane.
Kan få utvida rett til å uttala seg
RFF støttar framlegget frå kommunedirektøren om utvida møte- og talerett i politiske organ i kommunen. Ein representant for rådet kan få ordet når det skal gjerast endeleg vedtak eller innstillast i saker som rådet har uttalt seg om. Møteleiar avgrensar tida. Reglementa for råda vert oppdaterte i tråd med dette.
Rådet støttar også eldrerådet som i sin uttale understrekar at det ved å utvida taleretten er det lettare å få forståing/gjennomslag for ei sak tidleg i prosessen, enn når saka har kome til endeleg behandling.
Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.
Her kan du lesa innkalling med saksutgreiing.
Tekst og foto: Vigleik Brekke