Frå møtet i ungdomsrådet 27. mai. Leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen (Frp), orienterte om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.Rådet var samla til møte tysdag. Målsetjinga med ungdomsmidlane er å stimulera til aktivitetar som er retta mot ungdom i Øygarden.
Tjeldstø grendelag får 20 tusen kroner i støtte til ungdomsklubb. ADHD Norge Øyane lokallag får like stort beløp til eit tilbod om boksetrening for barn og unge med ADHD.
Fjell Kystlag får også tildelt 20 tusen kroner til aktivitetar retta mot ungdom. Operation Archery E-sports Øygarden får eit like stort beløp til eit møteplass mellom e-sport og kulturskule. Sund Sportsklubb får 20 tusen kroner til ungdomsklubb.
Gav fleire innspel til det arealdelen til kommuneplanen
Ungdomsrådet brukte mest tid på møtet til å drøfta kva rådet meiner bør prioriterast i det vidare arbeidet med utkast til strategiar og prinsipp for arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Etter ein grundig gjennomgang av alle hovudtema prioriterer ungdomsrådet desse strategi-utkasta:
Naturstrategien
Vi skal alltid vurdera gjenbruk, sambruk, transformasjon og fortetting i område der utbygginga allereie har starta, før vi tek av naturen.
Vi skal ta vare på store naturverdiar. I Øygarden er dette naturområda på land med høg og svært høg kvalitet, dei samanhengande kystlyngheiene, hole eiker og slåttemark.
Vi skal ta vare på leveområde for raudlista artar.
Klima- og miljøstrategien
Vi skal setja krav om å ta vare på og tilføra grønt i all utbygging i Øygarden. Vi skal oppretthalda koplingar mellom store samanhengande naturområde, landbruksjord og grønstruktur i utbygde område, for å ivareta økosystem og redusera verknaden av meir nedbør og vatn. Vi skal vurdera om det er behov for areal til deponering og gjenvinning av masser, jamfør ressurspyramiden.
Bustadstrategien
Vi skal setja av nok bustad- og LNF-spreidd areal i heile kommunen til å dekka befolkningsutviklinga (høgalternativet) frå 2027 til 2050.
Hovudkriteria for å vurdera framtidas utvikling
Når vi vurderer byggeformål og reguleringsplanar skal vi velja bort dei som er i konflikt med store naturverdiar, verdifull strandsone, landbruksjorda og friluftsområde verdsett som svært viktige. Først ved sterke samfunnsinteresser innan utvikling av næring og senter, kan vi vurdera å ta av urørt natur.
Særskilte kriterium for bustad-, næring-, teneste- og sentrumsutvikling
Vi skal planleggja bustadbygginga vår slik at flest mogleg av innbyggarane i Øygarden har tilgang til nærturterreng, innanfor gangavstand til der dei bur.
Samla føringar for sentera
I sentrumskjernane skal vi bygga innanfrå og ut for å korta ned opplevde avstandar, og forsterka gjennomgåande koplingar og snarvegar.
Friluftsliv og friområde
Vi skal oppretthalda friluftsområde som er verdsett som svært viktige.
Bruk av strandsona
Tiltak som naust, kai og brygger må kunna etablerast utan at det vert opparbeidd ny vegtilkomst.
Naust
I etablerte naustmiljø skal vi vurdera om vi kan endra arealbruken til naustformål.
Småbåthamn med fellesanlegg
Det kan opnast opp for fleire fasilitetar som gjestehamn med servicebygg, dette gjeld berre for større anlegg.
Næringsutvikling i Øygarden
Vi skal ha nok nærings- og sentrumsformål til å møta behovet for arbeidsplassar ut i frå prognosar for folkevekst (høgalternativet) fram mot 2050.
Meir medverknad
'Ungdomsrådet ønskjer å verta involvert i arbeidet med arealdelen i større grad enn til no, og vil gjerne verte invitert inn til å sitje rundt bordet under eit relevant arbeidsmøte.
Kan få utvida rett til å uttala seg
Ungdomsrådet støttar framlegget frå kommunedirektøren om utvida møte- og talerett i politiske organ i kommunen. Ein representant for rådet kan få ordet når det skal gjerast endeleg vedtak eller innstillast i saker som rådet har uttalt seg om. Møteleiar avgrensar tida. Reglementa for råda vert oppdaterte i tråd med dette.
Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.
Deltaking i andre organ/eksterne arrangement
- Rebekka Kvaal skal delta på nasjonal ungdomskonferanse i Øystese 21. – 23. september. Det er mogleg ungdomsrådet vert representert med to deltakarar.
- Rebekka Kvaal, Alva Betine Kilvik og Susanne Thorsen Berg vart valde til å delta i arbeidsgruppa for prosjektet «Møteplass av og for ungdom».
- Ungdomsrådet har fått tilbod om å delta på ein del av landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar på Panorama Hotell & Resort i juni.
Behovsanalyse
Ungdomsrådet tok sak om behovsanalyse for helse og velferd, kultur, idrett og fysisk aktivitet til orientering.
Tekst og foto: Vigleik Brekke