Du kan booke rettleiing på telefon- og nettmøte her
Vi ønskjer å rettleie flest mogleg, og har difor 20 minutt til kvar samtale.
Du kan også sende ei generell førespurnad til oppmåling
Her kan du skrive inn kva saka gjeld og vi sender eit skriftleg svar, eventuelt tek kontakt via telefon.
Vi gjer merksam på at rekvisisjonar skal sendast til kommunen sitt postmottak.
Kva kan oppmålingsvakta hjelpa deg med?
- Rettleiing kring rekvisisjon av oppmålingsforretning
- Gebyr for oppålingsforretning
- Regelverk for oppmåling og matrikkelen
- Rettleiing om korleis du kan finna informasjon om eigedomen din
- Rettleiing kring krav om retting
- Rettleiing kring erklæring om konsesjonsfritak (legg inn lenke når den er klar)
- Rettleiing kring samanslåing
- Spørsmål om adresse og adressenamn
- Rettleiing for utarbeiding av situasjonskart (vis til ny side når den er klar)
Kva hjelper oppmålingsvakta deg ikkje med?
Spørsmål om byggesak, frådeling og seksjonering skal rettast mot avdeling for byggesak.
Vi fyller ikkje ut rekvisisjon, krav om retting eller andre dokument for deg. Dette må du sjølv fylle ut, signera og sende inn til kommunen.
Kommunen kan ikkje avgjera tvist eller usemje kring grenser og eigedomsforhold. Oppmåling kan gje generell rettleiing til korleis de kan gå fram for å løyse tvist. Les meir om tvist eller uklåre grenser her.
Oppmålingsvakta kan ikkje ta imot klage på oppmålingsforretning eller klage på andre vedtak som er gjort. Dette må du sende inn skriftleg til postmottak.
Oppmålingsvakta kan ikkje ta i mot ønskjer om retting av opplysningar i kart/matrikkel. Dette må du sende inn skriftleg, sjå retting i matrikkelen.
Vi kan som hovudregel ikkje opplysa om eigarforhold, dette kan du sjølv sjekka via Kartverket sine tenester. Sjå Eiendomsregisteret - Søk og finn info om en eiendom.