Klage på forureining og forsøpling

Du kan klaga på forureining og forsøpling.

Akutt forureining

Akutt forureining skal meldast til vakttelefonen til Øygarden brann og redning 934 41 998.

Dersom det gjeld akutt forureining knytta til utbygging av Sotrasambandet, ber vi om at tilhøvet også vert meldt direkte til Sotra Link via følgjande kontaktskjema: Kontakt - Sotra Link

Søppelspann

Forsøpling rundt private søppelspann og ved returpunkt skal meldast til ØyVAR

Annan forureining og forsøpling

Annan forureining og forsøpling, til dømes ulovleg deponering av avfall, etterlatne bilar og båtvrak, skjemmande avfall eller forsøpling, forureining som er til fare for natur og miljø eller open brenning av avfall, kan meldast til kommunen. Når du opnar skjemaet vil du få spørsmål om du vil vera anonym eller om du vil oppgje namn.

Skjema for klage på forureining og forsøpling

Det er viktig at du melder om nøyaktig stad (gjev opp adresse/GBNR eller kryss i kart). Legg gjerne ved bilete.