Vi kan hjelpa deg med:
Ting førehandskonferanse
Dersom du har meir konkrete planar om bygging, er det mogleg å tinga ein førehandskonferanse. På førehandskonferansen vil du få meir informasjon om behandlinga av byggesøknaden. Byggesøknaden vert ikkje behandla på dette møtet.
Pris
Les meir om gebyr for reguleringsplan, byggje- og delesaksbehandling, oppmåling og eigarseksjonering.
Vi treng informasjon om:
- Eigedomen det gjeld
- Kva du ønskjer å byggja
- Alternative tidspunkt det passar å møtast
Ein av saksbehandlarane våre vil ta kontakt med deg for å avtala eit møte digitalt eller på Øygarden rådhus.
Bestilling av førehandskonferanse
Byggesaksvakta
Kontakt byggesaksvakta eller reserver møte for å få svar på spørsmål om til dømes søknadsreglane, og få hjelp til å finna fram til kva reglar som gjeld på staden der du skal byggja. Dette gjeld både lovbestemte reglar og regler fastsette i reguleringsplan eller kommuneplan.
Vakta kan svara på enkle spørsmål som ikkje krev særleg førebuing i inntil 15 minuttar. Dersom spørsmålet ikkje er av enkel karakter, lyt ein tinge ei førehandskonferanse.
Har du spørsmål i pågåande sak? Ta kontakt med saksbehandlaren din tysdag og torsdag mellom kl. 09.00 - 15.00.
Innsyn
Om du ønskjer innsyn i tidlegare byggesaker på eigedomen, må du senda innsynskrav til postmottaket. Innsynskravet må innehalde minimum:
- Gards- og bruksnummer for eigedomen
- Tidsperiode saka er i frå
- Kva type dokumentasjon du er på jakt etter
Du finn meir informasjon om innsyn her.
Konkret førespurnad
Ein konkret førespurnad vil typisk vera spørsmål om å kunna oppføra eit konkret byggetiltak på ein konkret eigedom. Spørsmål der det må gjerast ei vurdering av byggesak.
Kommunen må bl.a. tolka plangrunnlag og regelverk før ein kan svara, samt gje tilbakemelding på om tiltaket er søknadspliktig eller unnateke søknadsplikt.
I Øygarden kommune er ikkje denne type førespurnader gebyrbelagt.
Du kan forvente eit svar i løpet av 10 virkedager. Send inn førespurnad:
Dersom vi ser at prosjektet er særleg komplisert kan vi visa deg til å bestille ein førehandskonferanse.