Innsyn i offentlege dokument

Her kan du få innsyn i kommunen si postliste, saksliste og møteplan. Det er mogleg å søkje i dei forskjellige arkfanene i den offentlege journalen til kommune.

Innsyn og publisering av dokument

Øygarden kommune brukar Acos Innsyn for å legge ut offentlege dokument. Her finn du postlister, dokument, møteplanar, sakslister og vedtak. Du kan få informasjon om saker du har til behandling, samt andre offentlege saker.

Postliste

Søk i den offentlege journalen til kommunen

Innhald i postliste

Øygarden kommune si postliste inneheld forvaltninga sine innkomande og utgåande dokument. Kommunen publiserar dokument frå dei arkivdelane som er offentlege. Dokument som er unntatt offentlegheit med heimel i lov blir ikkje publisert. Det kan og vere at nokre dokument som ikkje er unntatt offentlegheit ikkje blir publisert i fulltekst (for nedlasting). I desse tilfella må du be om innsyn i dokument.

Unntatt offentlegheit og andre unntak

Er dokumentet unntatt med heimel i lov vil det vere nokre få journalopplysningar som blir vist på postlista. Du vil då ikkje få sjå kva dokumentet inneheld. Det blir vist til kva heimel dokumentet er unntatt med.

Nokre dokument som i hovudsak er offentlege, kan innehelde personsensitive opplysningar jfr. Offenlegforskrifta §7. Desse dokumenta blir ikkje publisert på postlista, men du vil sjå fulle journalopplysningar. Sjå rutine for Innsyn dersom du ønskjer å bestille slike dokument.

Kva skjer når du sender brev eller e-post til kommunen

All post, inngåande/utgåande brev og e-postar blir journalført i kommunen dersom dei er del av ei saksbehandling. All post som er offentleg kjem på postlista, sjå unntak under Innhald i postliste. Det vil sei at du kan finne brev/e-post du har sendt til kommunen omtala, sitert eller gjengitt i sin heilhet i avisa eller andre kanalar.

Hugs: Send aldri sensitive opplysningar i e-post. Informasjon du sender frå deg i ein e-post kan komme i hende til personar som ikkje skal ha den.

Innsyn

Du kan be om innsyn i alle offentlege dokument. Også dei som ikkje er publisert i fulltekst.

Dette gjer du ved å gå inn på dokumentet i postlista og velg «bestill dokument». Kommunen vil behandle bestillinga di etter gjeldande lovar. Frist for å få svar på eit innsyn er 5 virkedagar.

Slik går du fram for å bestille dokument:

  • Klikk inn på gjeldande dokument
  • Nedst i bilete ser du følgjande tekst - "Dokumentet er offentleg, men ikkje publisert. Be om innsyn."
  • Klikk på knappen Be om innsyn
  • Du får då opp ein oransje meldingsboks med tekst «se over og send bestilling», trykk på denne og fyll ut skjema
  • Innsynskravet blir sendt til postmottak i Øygarden kommune

Innsyn i dokument som er unntatt offentlegheit

Sjølv om eit dokument kan bli unntatt offentlegheit, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel kan gjerast kjent, heilt eller delvis (meirinnsyn). Krav om innsyn i slike dokument skal sendast til postmottak@oygarden.kommune.no eller til Øygarden kommune, dokumentsenter, Ternholmvegen 2, 5337 RONG. Hugs å oppgje DokumentID, ArkivsakID, grunnlag for innsyn og avsendar.

Eit innsynskrav vil bli behandla individuellt av saksbehandlar. Vi ser helst at innsynskrav kjem til kommunen i skriftleg form, men du kan og fremje krav om innsyn munnleg, jfr. Offentleglova §28.

Fristar

Dersom du ikkje får svar på eit innsynskrav innan 5 dagar etter at kommuen har motteke førespurnaden, vert førespurnaden rekna som avslått. Du kan då sende klage til Statsforvaltaren, jfr. Offentleglova §32

Lenke til lov og rettleiar