Sjekkliste før melding
Dette bør du sjekka før du sender melding om ulovleg byggetiltak:
- Snakk med naboen din eller den det gjeld først. Spør om det er gitt løyve til tiltaket som skal byggast, eller om det som skal byggast er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova.
- Sjekk i saksinnsyn om det er gitt løyve til arbeidet. Ta kontakt med kommunen om du er i tvil.
- Sjekk om tiltaket kan vera unnateke søknadsplikt.
Meiner du at tiltaket framleis er ulovleg etter at du har gjort desse undersøkingane, kan du melda forholdet inn til kommunen som er lokal byggemynde.
Slik melder du ifrå
Meld ifrå via skjema dersom du trur det ikkje er gitt løyve og du mistenker at tilfellet er ulovleg.
Meld inn ulovleg byggetiltak
I skjemaet må du gi følgjande informasjon:
- adresse, gards- og bruksnummer eller presis skildring av staden
- skildring av det du meiner er ulovleg
Meldar kan vera anonym. Dersom du gir opp namn og kontaktinformasjon kan vi innhenta opplysningar frå deg ved behov og informera om oppfølging av saka.
Melding om ulovleg byggetiltak kan også sendast per e-post eller vanleg brevpost. Kontaktinformasjon til kommunen står nedst på sida.
Kva kostar det?
Det er ikkje gebyr for behandling av melding om ulovleg byggetiltak.
Behandling av meldinga
Du vil få skriftleg stadfesting av kommunen når meldinga er motteke. Vi gjer merksam på at vidare saksgang vil vera ei sak mellom kommunen og den ansvarlege for det ulovlege byggetiltaket.
Saka blir prioritert ut frå kommunen sin strategiplan for tilsyn etter plan- og bygningslova, og fordelt til ein saksbehandlar for vidare oppfølging etter kapasitet.
Kva blir ikkje følgt opp?
Kommunen følgjer berre opp byggetiltak som er i strid med plan- og bygningslova, og vil difor ikkje følgje opp:
- byggetiltak som ikkje er omfatta av plan- og bygningslova
- byggetiltak som er unnateke søknadsplikt
- ulovlege byggetiltak som vert vurdert å vera av mindre betydning
Oppfølging av ulovlege byggetiltak
Kommunen vil ta kontakt med den ansvarlege når det er grunn for å undersøkja saka nærare.
Den ansvarlege vil verta orientert om kva som er ulovleg og om kommunen si vidare oppfølging av saka.
Det vil normalt vera mogleg å søkja om løyve i etterkant slik at byggetiltaket kan bli lovleg, og søknaden vil bli behandla etter gjeldande regelverk.
Viss ikkje byggetiltaket vert søkt om, eller søknad vert avslått, må byggetiltaket tilbakeførast for ikkje å vera i strid med plan- og bygningslova.
Kommunen kan gi pålegg om tilbakeføring med trussel om tvangsmulkt dersom den ansvarlege ikkje rettar byggetiltaket frivillig.
Pålegg om retting, ilegging av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr er enkeltvedtak som vert varsla av kommunen i forkant. Enkeltvedtak kan klagast på til Statsforvaltaren i Vestland.
