
Førebels ingen dato for vegopning
- Styresmaktene gjer det dei kan for å få på plass ein ny opningsdato for Sotrasambandet. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at leiinga i Øygarden kommune, Bergen kommune og Bergen Næringsråd møtte samferdsleminister Kamzy Gunaratnam og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i dag.
Les meir.
Næringslivet og det frivillige vil bidra ved krise
- Vi er heldige som er i ein kommune som involverer så breitt. Det sa banksjef i Sparebanken Norge då Øygarden kommune inviterte næringslivet og lag og organisasjonar til å vera med og styrkja den lokale totalberedskapen kommunen.
Les meir.
- Dette lettar arbeidsdagen
Saman med rådgjevar Stig Wågenes testar reinhaldar Eva Bazan den nye vindaugsvaskaren på eitt av dei store vindauga på rådhuset.
- Dette er bra for helsa, seier Eva. Førebels har kommunen kjøpt inn eín vindaugsvaskar som skal testast på fleire bygg. Vaskaren kan brukast både innvendig og utvendig.
Les meir.
Følgde opp kø på riksveg 555 i dag
På grunn av kø etter trafikkregulering ved Straumssundet på tysdag, vart det førebudd utvida opningstid i kommunale barnehagar og SFO. Det vart sendt informasjon til dei føresette via Vigilo om at barnehagane og SFO vert opne til alle barna er henta.
Les meir.
Team Stranda gjekk til topps i konkurranse
I dag vart flagget heist på Stranda skule. Team Stranda, med Øyvind Heggstad i spissen, vart på laurdag kåra til vinnar av Champions i First Lego League konkurransen i Bergen. Laget vann pokal og ein sjekk på 10 tusen kroner.
- No går turen, om vi får nok midlar, til Lund i Sverige, og den skandinaviske finalen i First Lego League i slutten av november, seie rektor Christel Lewington Brown.
Les meir.
Aldri meir
- Den som gløymer historia, må leva ho opp igjen. Det sa KrF-leiar Dag-Inge Ulstein som var hovudtalar på krystallnattmarkeringa i Straume Forum måndag kveld.
- Det som verkeleg vart knust krystallnatta, var menneskeverdet, sa ordførar Tom Georg Indrevik. Ei rekkje organisasjonar i Vestland står bak arrangementet som vert gjennomført i regi av krystallnattkomitéen.
Les meir.
- Eg elskar å lesa
Emilie Olesen Torsvik (4c) er ein skikkeleg lesehest. I to veker i slutten av oktober gjennomførte Brattholmen skule Brattisles. På tysdag denne veka var det finale med premiering.
- Eg går inn i mi eiga fantasiverd, når eg les seier Emilie.
Les meir.
Stor interesse for fagdag om autisme
Nær 200 tilsette frå ulike tenester i Øygarden kommune deltok nyleg på ein tverrfagleg fagdag om autismespekterforstyrringar i Foldnes kyrkje 09. november. Målet med dagen var å styrkja kunnskapen om autisme og bidra til betre samhandling rundt barn og unge opp til 25 år.
Les meir.
Drop-in-kurs: Barn og sterke følelsar - dei vaksne si rolle
Korleis forstå og handtera sterke følelsar hos barn og unge? Kommunepsykologane for barn og unge inviterer til kurs der vi ser nærare på korleis vi vaksne kan møta og handtera ulike følelsar hos barn og unge.
Les meir.
Kurs: Korleis støtte engstelege barn?
Kommunepsykologane inviterer til kurs der vi ser på korleis vi kan forstå følelsen frykt og gjennomgår prinsipp frå behandling.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (46)
- 09.11.: Interne møte
Møte med Mental Helse Ungdom
Krystallnatt-markering - 10.11.: Møte med Tertnes Holdning
Årsmøte med Øygarden Høgre - 11.11.: Møte med Sotra Gruppen
Synfaring Sotra vidaregåande skule
Besøk Stranda skule
Innlegg/dialog NAV-konferanse
Innlegg Fjell Pensjonistlag - 12.11.: Hovudstyre KS (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
Møte med Samferdselsministeren - 13.11.: Landsstyre KS
- 14.11.-15.11.: FOKUS-konferansen Høgre
Ordføraren neste veke (47)
- 16.11.: Sentralstyremøte Høgre
- 17.11.: Valstyre
Formannskapet - 18.11.: Politiråd
Dialog om helse og omsorg
Innlegg for EEA Committee (EEA:European Economic Area)
Utdeling kulturminnepris 2026 – Nordsjøfartmuseet - 19.11.: Synfaring Klokkarvik
Egarmøte CCB energy
Møte med Vest Næringsråd - 20.11.: Bergen Næringsråd – konferanse og middag
- 21.11.: Tre vigslar
Sund Røde Kors 70 år - 22.11.: Opning julemarkna Glesvær