Stig Wågenes og Eva Bazan testar ut den nye vindaugsvaskaren.Førebels har kommunen kjøpt inn eín vindaugsvaskar som skal testast på fleire bygg. Vaskaren kan brukast både innvendig og utvendig.
- Etter å ha fått inn erfaringar med vaskaren, tek vi stilling til om vi skal kjøpa inn fleire. Det kan verta aktuelt å kjøpa inn eín vindaugsvaskar til kvar av dei fire sonene.
Eín maskin kostar om lag 10 tusen kroner eksklusive meirverdiavgift, seier Stig Wågenes.
Desse vindaugsvaskarane vil ikkje erstatta arbeidskraft, men dei overtek oppgåver som gjerne fører til slitasje og i verste fall sjukemeldingar.
- Dette er godt for helsa og lettar arbeidsdagen vår. Eg er kjempenøgd med dette hjelpemiddelet, og eg er sikker på at han kan brukast på andre bygg enn på rådhuset, seier Eva Bazan.
På undersida vert det festa filt.Stig Wågenes seier at denne vindaugsvaskaren funger på store fasadevindauge som er opp mot åtte meter høge.
- Dei er gode for miljøet. Vi fyller vatn på behaldaren og brukar mikrofiber som er svært miljøvenleg .Dei bidreg også godt for arbeidsmiljøet. Maskinane tek tunge arbeidsoppgåver og frigjer tid for reinhaldarane til å gjera andre ting. Det vert også ein sikrare arbeidssituasjon for reinhaldarane ettersom dei slepp å bruka stiar og gardintrapper for å vaska vindauga, seier han.
- Er det fare for at vindaugsvaskaren kan falla ned og verta øydelagt?
- Det er sjølvsagt ein liten risiko, men etter at maskinen har stoppa, syter sugekrafta for at maskinen heng trygt på vindauga i 25 minutt, seier Stig Wågenes som legg til at reinhaldsavdelinga er inne ei spennande tid med bruk av robot og digitalisering for å effektuera og letta arbeidsdagen for reinhaldarane.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Tekst og foto/video: Vigleik Brekke