Førebels ingen dato for vegopning

- Styresmaktene gjer det dei kan for å få på plass ein ny opningsdato for Sotrasambandet. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at leiinga i Øygarden kommune, Bergen kommune og Bergen Næringsråd møtte samferdsleminister Kamzy Gunaratnam og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i dag. Ordføraren hadde forventa å få presentert ein opningsdato.

Frå venstre; byrådsleiar Chris Jørgen Rødland, Linda Monsen Merkesdal (Ap),  samferdsleminister Kamzy Gunaratnam (Ap), ordførar Tom Georg Indrevik og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland. - Klikk for stort bileteFrå venstre; byrådsleiar Chris Jørgen Rødland (H), stortingsrepresentant Linda Monsen Merkesdal (Ap), samferdsleminister Kamzy Gunaratnam (Ap), ordførar Tom Georg Indrevik (H) og vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at dei fekk høve til å informera om situasjonen lokalsamfunnet står i og kva utfordringar dette gjer for 50 – 60 tusen menneske.

- Vi fekk inntrykk at dei gjer alt dei kan for å få på plass ein ny opningsdato. Vi var tydelege på at dette var forventinga, og derfor er eg skuffa over at ny dato ikkje vart presentert, seier ordføraren. 

Frå Øygarden kommune møtte også kommunedirektør Johnny Breivik. Også byrådsleiar i Bergen, Chris Rødland og administrerande direktør i Bergen Næringsråd, Monica Mæland deltok på møtet. 

Etter planen skulle Sotrasambandet opna for trafikk 1. juni 2027. Seinare vart det utsett til tidlegast fjerde kvartal 2027. Det vert no lagt til grunn at opninga av sambandet vil skje etter 2027.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: privat