Dag-Inge Ulstein og ordførar Tom Georg Indrevik talte på krystallnattmarkeringa måndag kveld.Ei rekkje organisasjonar i Vestland står bak arrangementet som vert gjennomført i regi av krystallnattkomitéen.
Natta mellom 9. og 10. november 1938 var starten på ei landsomfattande jødeforfølging i Tyskland med systematiske valdshandlingar og angrep mot jødar. Sju tusen jødiske forretningar og bustader vart øydelagde og 91 personar drepne. I dagane som følgde vart mange jødar myrda og ei stor mengde synagogar, forretningar, bustader og jødiske gravplassar øydelagde.
Krystallnatta (novemberpogromen) markerte starten på ei systematisk jødeforfølging som seinare utvikla seg til Holocaust.
Industrielt folkemord
Dag-Inge Ulstein refererte til diktet til Arnulf Øverland «Du må ikke sove» der han siterte; «Du har ikkje lov til å gå der og glemme».
- Det som skjedde kom ikkje over natta. Jødane vart syndebukkar, og folket vart utsett for eit industrielt jødemord. I dag er det færre jødar enn det var i 1938, sa Ulstein.
Dag-Inge UlsteinHan viste til situasjonen i norske gater der det vert ropt «from the river to the sea» og «Free Palestina».
- Det gjev ikkje rom for ein jødisk stat. Mange jødar opplever dette som stigmatiserande og djupt krenkande», sa han.
Under krigen var det 2 200 jødar i Noreg. 772 jødar vart deporterte frå Noreg til konsentrasjonsleir i Tyskland.
- Norsk politi gjennomførte arrestasjonane. Berre 37 jødar overlevde. 230 familiar vart utrydda. Dette er ein av dei alle mørkaste skamplettar i norsk historie. Noreg bestod ikkje prøven. Dette minner oss om at vi aldri må ta menneskeverdet for gitt, sa Dag-Inge Ulstein som fortalde om jødar han har møtt i Noreg som kjenner på utryggleik og at dei ikkje lenger kan leva fritt i sitt eige land.
Menneskeverdet vart knust
Ordførar Tom Georg IndrevikOrdførar Tom Georg Indrevik sa at vi denne kvelden minnest mennske som mista heimane sine, tryggleiken og etter kvart liva sine. Det var eit vendepunkt i historia.
- Natta mellom 9. og 10. november vart synagogar sett i brann, butikkar knyst og jødiske familiar utsette for vald og forfølging. Det som verkeleg vart knust denne natta, var menneskeverdet, sa ordføraren.
Han sa at historia viser at dei store tragediane startar sjeldan med vald. Dei startar ofte med ord, fordomar og mistenkeleggjering.
- Det er difor denne markeringa ikkje berre handlar om fortida. Ho handlar også om oss. Vi har alle eit ansvar. Ikkje for det som skjedde i 1938, men for korleis vi møter kvarandre i dag. Det starta med likesæle, Det starta med at menneske såg vekk, og det begynte med at for få sa tydeleg i frå. Minnet forpliktar og det forpliktar oss til stå opp mot rasisme og diskriminering, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
Vel 200 personar var til stades på markeringaDet var appellar ved Eldbjørg Therkelsen og Ole Henry Halleraker og musikkinnslag ved Johann Sebastian Blum og Ragnvald Ree. Det var også song ved Beate og Stian Lavik og diktlesing av Ingalis Apelthun Malmo. Konferansier var Odd Bjarne Skogestad.
Fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke