- Eg elskar å lesa

Emilie Olsen Torsvik (4c) er ein skikkeleg lesehest. I to veker i slutten av oktober gjennomførte Brattholmen skule Brattisles. På tysdag denne veka var det finale med premiering.
- Eg går inn i mi eiga fantasiverd når eg les, seier Emilie.

Olav Sangolt Arefjord og Emilie Olesen Torsvik (4c) storkoste seg dei to vekene med Brattisles. Her er dei ved skattekista som kunne låsast opp med ein spesiell kode. - Klikk for stort bileteOlav Sangolt Arefjord og Emilie Olesen Torsvik (4c) storkoste seg dei to vekene med Brattisles. Her er dei ved skattekista som kunne låsast opp med ein spesiell kode.

Vi møter Emilie Olsen Torsvik og Olav Sangolt Arefjord og ber dei reflektera litt over det dei var med på i dei to vekene med Brattisles.

- Dette har ført til av vi får meir leseglede. Men det er jo viktig at vi får tilgang til dei rette bøkene, meiner Emilie.
Hennar favorittbok er Kampen mot superbitchene.

- Det handlar Anne Bea som har lys hud og ser dårleg. Ho vert mobba, men Nils, som kallar henne Annebino, vert redninga. Annebino og Nils vert med i ei musikkgruppe og kjempar mot superbitchane, seier Emilie.

Olav les helst fotballbøker. Han likte å vera med på Brattisles der det mellom anna var maskorama og elevane skulle finna ut kven som var bak maska.

- Eg har lese bøker om Erling Braut Haaland og Messi. Brattisles var ein gøy måte å få oss til å lesa meir. Det var også ei veldig spennande kåring i dag. Eg tippa at Robert var grisen, og det viste seg å vera rett, seier Olav.

Elevane var spente på kven som skjulte seg bak brattismaskene. - Klikk for stort bileteElevane var spente på kven som skjulte seg bak brattismaskene.

Stor spenning i finalen

Det var ei enorm forventning i gymnnastikksalen då heile alle elevane og lærarane var samla for å kåra vinnarane på tysdag. Spenninga var til å ta og føla på då leselærarane Kjersti Ness og Ann-Magreth skulle gjera kjent kven som vann konkurransane. 

Inspirert av Maskorama på NRK var det laga videoar der fire lærarar skjulte seg bak brattismaska. Kven var dette og kva bok las dei frå? 

Det var full jubel då dei stod fram i eigen person. 

William frå 6c fekk premie for å ha tippa tal sider på ei innpakka bok. Boka var på 276 sider, medan William Espen hadde tippa 275 sider.

Frå gymnastikksalen - Klikk for stort bileteFrå finalen i gymnastikksalen Frå gymnastikksalen

Lesepoeng

Spenninga nådde toppen då det var klart for å kåra kva klasse som hadde flest lesepoeng. Elevane førte leselogg, og det var altså klasse 4c som gjekk av med sigeren med 819 lesepoeng (minutt) pr. elev.  

Det var også leseløype med fleire postar rundt om i skuleområdet. Elevane vart då i stand til å setja saman ein kode på åtte siffer som skulle brukast for å opna skattekista der det var premie til alle klassane. I kista venta popkorn og film frå ein bok dei kunne kosa seg med i alle klassane.

Leselærarane Kjersti Ness og Ann-Magreth Hamre har hatt to travle veker - Klikk for stort bileteLeselærarane Kjersti Ness og Ann-Magreth Hamre har hatt to travle veker

Brattisles vart gjennomført i veke 43 og 44. Undervisninga gjekk som normalt, men det var eit ekstra fokus på læring både på skulen og i fritida.

- Eg har aldri opplevd dei så engasjerte som i desse to vekene. Elevane opplevde dette som positivt og gøy, seier Kjersti Ness.

Desse to vekene har gjeve heile skulen eit løft.

- Vi opplever at det har skapt ei fellesskapsoppleving både for dei vaksne og barna, seier Ann-Magreth Hamre. 

Det skjedde mykje i løpet av desse to vekene. Andre aktivitetar var lesebingo, konkurranse om å finna Willy, gjetteleik om favorittbøker, høgtlesing i lunsjen, skriving av bokrapport og fadderlesing.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 Tekst og foto: Vigleik Brekke