Frå fagdagen i Foldnes kyrkje 9. novemberGjennom fagdagen fekk deltakarane følgja den fiktive guten Max gjennom ulike fasar av livet. Ved å ta utgangspunkt i eitt barn sitt livsløp vart det lettare å sjå korleis ulike tenester kan samarbeida for å gi heilskapleg og koordinert støtte.
Programmet omfatta mellom anna kunnskap om den aukande førekomsten av autismespekterforstyrringar, kva autisme er, samt presentasjon av planleggingsverktøy og hjelpemiddel som kan bidra til ei meir føreseieleg og meistringsfremjande kvardag.
Deltakarane fekk òg innsikt i korleis kommunale tenester som helsestasjon, ergoterapi, fysioterapi, PPT, familiehjelpa, NAV og Forvaltning og støttetenester kan bidra med ulike former for oppfølging. Representantar frå spesialisthelsetenesta presenterte rolla til BUP, autismeteam og habiliteringstenesta for vaksne.
Eit viktig tema gjennom dagen var korleis tenestene kan arbeida saman til beste for barnet og familien. BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats), samhandlingsplikta og den nye digitale verktøykassa for tilsette i kommunen vart derfor presenterte som sentrale ressursar i dette arbeidet.
I tillegg var det fleire utstillarar til stades med informasjonsstandar, mellom anna Abilia og Home-Start, Basecamp og Open for alle, som gav deltakarane høve til å bli kjende med relevante hjelpemiddel og tilbod.
Tilbakemeldingane frå deltakarane var svært positive. Fagdagen synte kor viktig det er å samla kompetanse på tvers av fagområde, slik at barn og unge med autisme og familiane deira møter eit kunnskapsrikt og samordna tenesteapparat.
Fleire bilete:
Tekst og foto: Silje Merkesvik