Team Stranda gjekk til topps i konkurranse

I dag (9. november) vart flagget heist på Stranda skule. Team Stranda, med Øyvind Heggstad i spissen, vart på laurdag kåra til vinnar av Champions i First Lego League konkurransen i Bergen.

No er Teams Stranda klare for finale i Sverige - Klikk for stort bileteNo er Teams Stranda klare for finale i Sverige

Laget vann pokal og ein sjekk på 10 tusen kroner. 

- No går turen, om vi får nok midlar, til Lund i Sverige, og den skandinaviske finalen i First Lego League i slutten av november, seier rektor Christel Lewington Brown.

First Lego League er ein av dei største kunnskaps- og teknologikonkurransane i verda for barn og unge mellom seks og 16 år. Under den skandinaviske finalen i Lund 27.–28. november vert det møte mellom dei beste laga frå regionale turneringar i Noreg, Sverige og Åland.

I tillegg kom Team Stranda på 2.plass i Prosjektprisen, og på 3.plass (berre 10 poeng bak 2. plass) i Robotkonkurransen. 

- Øyvind Heggstad vann velfortent reittleiarprisen, seier rektoren.

Elevane er fordelte frå 5. til 7.trinn og har berre samarbeidd i åtte veker i forkant.

- Det er heilt fantastisk! Vi heiar på ein meir praktisk og variert skule for framtida, og dette er ein av måtane elevane sør i Øygarden får læra på ein annan måte, seier Christel Lewington Brown. 

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 Bilete: Stranda skule