Følgjer opp kø på riksveg 555

På grunn av kø etter trafikkregulering ved Straumssundet, vert det førebudd utvida opningstid i kommunale barnehagar og SFO tysdag ettermiddag.

Det er sendt informasjon til dei føresette via Vigilo om at barnehagane og SFO vert opne til alle barna er henta. Dei føresette vert oppmoda om å ta kontakt med barnehagen og SFO om dei ikkje klarer å henta barna sine i ordinær opningstid. 

- Vi syter for at barnehagane og SFO tek hand om barna til alle er henta. Det er fint om føresette kontaktar andre og avtalar henting om dei ikkje kan gjera dette sjølv. Det er grunn til å tru at også skuleskyssen ved fleire skular vil verta forseinka i dag, seier kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta.

Dei som har barn i privat barnehage og skule, vil få informasjon frå sin barnehage/SFO. 

Køen kan også påverka andre tenester, som til dømes heimetenesta.Heimetenesta opplever for tida auka trafikk- og køutfordringar i delar av kommunen. Dette kan medføre at hjelp og tenester i enkelte tilfelle vert levert seinare enn planlagt. 

Det vert oppmoda om, om mogleg, å la bilen stå.

Det var under arbeid med støyping av bru ved Straumssundet at det raste ut massar langs vegen. For å sikra området, er det innført lysregulering. Sotra Link melder at lysreguleringa vert ståande til vegen er sikra og det er trygt å opna for normal trafikk igjen.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sotra Link