Arbeid i grupper med tre krisescenario var ein sentral del av arbeidsverkstaden.Næringsliverepresentantane var samla på dagtid og frivillige lag og organisasjonar på kveldstid. Tilbakemeldingane er gjennomgåande at alle ønskjer å bidra ved krise, men at det er viktig at kommunen og det offentlege elles tek klar styring i krisesituasjonar.
2026 er totalberedskapsåret, og med kommunalsjef for Organisasjon og beredskap Anne-Merete Vabø Haugane og beredsskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad i spissen, har kommunen arrangert fire samlingar/arbeidsverkstader der det re stilt spørsmål om kva behov som kan oppstå i ulike situasjonar og kven som kan bidra med kva. Det er også viktig å få kartlagt kva ressursar og kompetanse for finst allereie og korleis ein kan samarbeida betre når det verkeleg gjeld.
Tre scenario
På arbeidsverkstaden vart deltakarane utfordra til å drøfta tre ulike krisescenario. Det eine kasuset var bortfall av straum i minst fem døger. Det var også eit scenario der eit cruiseskip med 1 300 passasjerar har gått på grunn vest for Algrøyna. Det siste kasuset handla om at artikkel fem for NATO vart utløyst etter droneåtak mot Balkan og at dette mellom anne resulterte i hybride truslar lokalt.
Jarle RennedalEin av næringslivsleiarane som deltok på samlinga, var Jarle Rennedal. Han er til dagleg driftssjef på Thon Senter Sartor. Han har også erfaring frå daglegvarebransjen.
- Det er viktig å ha ein planverk i botnen. Det er ingen tvil om at rolla til kommunen er svært viktig, seier han.
Rennedal meiner at kommunen og det offentlege må ta ei klar styringsrolle.
- Næringslivet treng å verta styrt i ein krisesituasjon i staden for at det køyrer sitt eige løp. Under pandemien såg vi at folk hamstra, og i daglegvarebransjen kan det verta aktuelt med rasjoneringar. Då treng vi klare føringar for korleis det skal gjennomførast, seier Jarle Rennedal.
Kartlegging av ressursar
Tilbakemeldingane får deltakarane var at dei var takksame for å verta inviterte til ei slik samling og at både næringslivet og det frivillige ønskjer å bidra i ein beredskapssituasjon. Det er viktig at ein får drøfta konkrete krisesituasjonar.
Det vart også peika på at det er viktig å starta med seg sjølv og sikra god eigenberedskap. Det er også viktig å ha myndigheitsavklaringar og kva rolle den enkelte aktør har i krisesituasjonar.
Frå samlinga med deltakarar frå næringslivetKommunalsjef Anne-Merete Vabø Haugane innleia samlinga med å visa til at kommunen ønskjer å få kartlagt kva øygardssamfunnet har, treng og manglar i ulike beredskapssituasjonar.
- Med desse samlingane vert vi også betre kjende med kvarandre. Vi får tips og idear, og vi får kunnskap om kva ressursar og utstyr de har, sa kommunalsjefen.
Torsdag kveld var det lag og organisasjonar som var samla til arbeidsverkstad. Også på denne samlinga var det ei unison tilbakemelding om at ei samling som dette er viktig. Også det frivillige er klare til å hjelpa til i ein krisesituasjon.
To av dei som deltok på samlinga torsdag kveld, var Terje Strandtun i Bonde- og småbrukarlaget i Øygarden og Andreas Vorland i Øygarden bondelag.
- Det bør utarbeidast ei oversikt over kva ressursar som er tilgjengelege i næringslivet og det frivillige. Som bønder har vi tankvogner, motorsager og kunnskap om motorsager som kan vera til stor nytte ved brannar, seier Terje Strandtun.
Terje Strandtun (til venstre) og Andreas Vorland representerte bondelaga.Han fortel av ved brannen i juni 2021 fekk han telefon frå bønder i Bergen som spurte om det var behov for hjelp.
Andreas Vorland seier at ved brannar kan kompetansen blant bøndene vera viktig.
- Vi kan til dømes rydda vegar og laga gater i terrenget som kan hinda spreiing av brannen. Vi har også tilhengarar og vinsjar som kan nyttast ved transport av vasstankar og anna tungtransport når det er behov for det, seier han.
Fleire gav uttrykk for at det er behov for å kartlegga kva som finst av kompetanse og kva ser finst av ulike ressursar i lag og organisasjonar. Det vart også peika på at menneske med nedsett funksjonsevne må verta tekne med i kriseøvingar.
Ole Bjørn Sandal representerte Bjorøy og Tyssøy Velforening.
- Eg meiner det bør etablerast eit bereskapslager på Bjorøy. Men eg er usikker på kvar det lageret skal plasserast, sa han.
Kommunalsjef Anne-Merete Vabø Haugane viste til at det er sett av midlar i budsjettet for 2027 til byggja opp eit kommunalt beredskapslager.
Det ekstra fokuset Øygarden kommune har hatt på totalberedskap denne hausten er finansiert med skjønsmidlar frå Statsforvaltaren.
Fleire bilete frå samlingane:
Tekst og foto: Vigleik Brekke