Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 21.

Øygarden er ikkje teken ut i første streikeuttak

Øygarden er ikkje mellom dei kommunane som kan verta ramma av streik frå 29. mai. Tilsette kan verta tekne ut i streik i seinare uttak.
Les meir. 

Første spadetak for ny ungdomsskule

Prosjektleiar John André  Vegge hadde med seg mange spadar då han inviterte til første spadetak for ny ungdomsskule på Bildøyna på onsdag.
- Mange ser fram til august 2028 når skulen skal takast i bruk, sa ordførar Tom Georg Indrevik før han fann fram spaden sin.
Les meir.

Bestevakt på Landro skule – kjem du i morgon, mormor?

Landro skule har denne våren starta prosjekt Bestevakt. Kvar onsdag har vi besteforeldre som stiller opp i storefri. Prosjekt Bestevakt er eit samarbeid mellom FAU og skulen, og tiltaket er frivillig. Skulen har gjort avtale med ein del besteforeldre som ønskjer å bidra positivt inn i skulekvardagen til barna.
Les meir.

Overleverte Kunstkvalen til Fedje

- Det er fantastisk at det vert halde tak i dette. Utstillinga vil klart ha sin misjon. Det seier ordførar i Fedje, Stian Herøy, etter at leiar av plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun, på onsdag denne veka leverte utstillinga om Kunstkvalen til Fedje kommune.
Les meir.

- Kundane er opptekne av dette

På onsdag fekk Thon Hotel Straume overrekt Miljøfyrtårn av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Som hotell ønskjer vi at miljøavtrykket vert minst mogleg, seier hotelldirektør Sølvi Langø. Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. 
Les meir.

Takk for ei fin arbeidsveke!

Andrine Rong (9c på Danielsen ungdomsskule) og Simen Nygård Sunde (9f på Fjell ungdomsskule) har denne veka hatt arbeidsveke i Øygarden kommune. Begge er tydelege på at dette har vore ei innhaldsrik og lærerik veke.
Les meir. 

Mogleg streik frå 29. mai

I kommunal sektor kom ikkje LO, YS, UmNIO og Akademikarane til semje med KS i det dei sentrale forhandlingane. Ein eventuell streik vil starta 29. mai. Dei sentrale partane er no i ein meklarfase. Hovudmeklinga startar hjå Riksmeklaren den 26. mai og skal avsluttast innan 28. mai klokka 24.00.
Les meir.

17. mai er viktig for fellesskapet

På nasjonaldagen var det markeringar med kransepålegging mellom anna ved Sund kyrkje, Fjell kyrkje, Kausland kyrkje Blomvåg kyrkje og minnesteinen etter doktor Gjelsten på Straume. I talen ved kransepålegginga ved Sund kyrkje peika ordførar Tom Georg Indrevik på dei verdiane vi har i samfunnet og som vi må kjempa for,
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (21)

  • 18.05.:  25-årsmarkering Gassco
  • 19.05.:  Statskraftskonferanse og dialogmøte
  • 20.05.:  Møte i EØS/EFTA 
                 Stafett for livet Kolltveit  skule 
                 Første spadetak ny ungdomsskulee på Bildøyna 
                 Miljøfyrtårnutdeling Thon Hotel Straume 
                 Intervju om planprosesser
  • 21.05.:  KS hovudstyre
  • 22.05.:  KS landsstyre
  • 23.05.:  Vigsle

Ordføraren neste veke (22)

  • 26.05.:  Interne møte
                 Møte om aktivitetar på Rong
  • 27.05.:  Beredskapsråd
                 Opning av Festspillene i Bergen
  • 28.05.:  EØS/Efta-forum – Teams 
                 Norges Handelshøgskole vårkonferanse 
  • 29.05.:  25-årsjubileum Danielsen barne- og ungdomsskule 
                 Besøk Skogsvåg skule 
                 Utdeling av Tilgjengeprisen
  • 30.05.:  Tur med Statsråd Lehmkuhl
  • 31.05.:  Straumemila