På torsdag var Andrine og Simen saman med leiargruppa og nøkkelpersonar i møte med leiinga på CCB. Til venstre framme administrerande direktør Jan-Dagfinn Lund. Andrine og Simen sit som nummer fire og fem frå venstre i biletet.Her kjem ei oppsummering frå Andrine og Simen.
Andrine
Eg søkte til ordførar Tom Georg Indrevik, men då han var vekkreist deler av veka, har eg fått vore med andre som arbeider i kommunen.
Opplegget på arbeidsveka ha vore kjekt og varierande. På måndag var vi med Børge Haugetun til Tysnes. Der markerte vi Noreg sine fem marinevernområde. På Tysnes helste vi også på klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Dagen vart litt lang fordi nokon tok feil av jakka til Børge med bilnøkkelen i. Dette førte til at vi måtte ta ei seinare ferje.
På tysdag trefte vi næringssjef Marianne Furheim på rådhuset og reiste med henne til Bergen. Der deltok vi på eit arrangement om energi og omstilling.
Onsdag var vi saman med ordførar Tom Georg. Dette var ein innhaldsrik dag. Først var vi på Kolltveit skule der Tom Georg og Simen sprang stafett for livet saman med elevane, mens eg telte rundar.
Etterpå køyrde vi til Fjell ungdomsskule og tok første spadetak der den nye ungdomsskulen skal byggjast.
Første spadetak for ny ungdomsskule på Bildøyna
Seinare på dagen var vi på Thon Hotel Straume og Tom Georg delte ut miljøfyrtårn-plakett. Dagen vart avslutta på rådhuset.
Torsdag fekk vi møta leiinga på CCB. Der var vi saman med kommunedirektøren si leiargruppe som hadde møte med CCB.
Turen gjekk vidare til Equinor Kollsnes. Vi starta med å sjå på anlegget frå kongehaugen, før vi fekk lunsj og hadde møte med nokre frå leiinga til Equinor Øygarden. Vi avslutta dagen på Northern Lights i næringsparken.
Dette har vore ei kjekk og innhaldsrik veke, og eg vil takka for at eg fekk mogleghet til å væra saman med Marianne, Børge og Tom Georg.
Simen
Dette har vore ei heilt spesiell veke der vi har fått oppleva og læra mykje.
Grunnen til at eg valde å søkja arbeidsveke på denne arbeidsplassen, var at eg var nysgjerrig på korleis lokalpolitikken fungerer. Eg ønskte òg å sjå korleis ein vanleg arbeidsdag ser ut, og kva kommunen gjer for samfunnet.
Frå turen Tysnes som handla om marine verneområde.Den første dagen møtte vi opp på rådhuset. Der tok Børge Haugetun imot oss. Han er leiar av plan- og miljøutvalet. Vi reiste vidare til Tysnes for å delta på markeringa av fem nye marine verneområde. Under opphaldet lærte vi mykje om kva desse områda inneber, og at målet er å skapa unike undervassområde for framtida. Vi møtte òg Andreas Bjelland Eriksen, som er klima- og miljøminister i Noreg. Han hadde vore på dykketur i Ytre Hardangerfjorden, som er eitt av områda som no er verna.
På enrgikonferanse i regi av EnLit i samarbedid med Vestland fylkeskommuneTysdag tok Marianne Furheim, som er næringssjef, imot oss. Ho tok oss med på eit arrangement i Marinehagen i Bergen. Organisasjonen EnLit stod bak arrangementet. EnLit arbeider med å få fart på energiomstillinga i heile Europa. Vi lærte mellom anna at EnLit ønskjer å ta i bruk elektrisitet i flest mogleg delar av samfunnet, både innan industri og transport. I tillegg satsar dei på grøn hydrogen.
Onsdag var både kjekk og innhaldsrik. Dagen starta med at vi møtte ordførar Tom Georg Indrevik, som var i eit møte. Etterpå reiste vi til Koltveit skule for å delta på Kreftforeininga sin «Stafett for livet».
Frå utdeling av miljøfyrtårnsertifikatSeinare drog vi til Bildøyna for å ta det første spadetaket på den nye ungdomsskulen som skal byggjast der. Dette var svært interessant, og der var også lokalavisa Vestnytt. Etter dette reiste vi vidare til Thon Hotell Straume, der vi delte ut eit Miljøfyrtårn. Gjennom dagen lærte eg mykje forskjellig og fekk eit tydeleg innblikk i kor travel kvardagen til ordføraren faktisk er.
Framfor EnergiparkenTorsdagen baud òg på mange opplevingar. Vi starta dagen med å reisa med minibuss til CCB, der vi lærte mykje om kva dei arbeider med. Deretter drog vi til Equinor, der vi fekk god utsikt over anlegga deira. Vi lærte mellom anna at Equinor er ei av dei viktigaste energikjeldene i Europa, og at selskapet står for om lag 40 prosent av all norsk gasseksport til Europa. Seinare reiste vi vidare til Energiparken, der vi fekk omvising og informasjon om verksemda.
Her er fleire bilete:
Tekst: Andrine Rong og Simen Nygård Sunde
Foto: Børge Haugetun, Marianne Furheim, Simen Nygård Sunde og Vigleik Brekke