Ordførar i Fedje fekk på onsdag overrekt utstillinga Kustkvalen frå Børge Haugetun.I 2017 vart verda skaka då bileta av gåsenebbkvalen full av plast vart spreidd rundt i heile verda. Kvalen som vart teken i land på Vindenes, måtte avlivast. Sidan slutten av februar har utstillinga med måleri og skulpturar av plastkvalen vore plassert sentralt på innbyggartorget og biblioteket på Straume.
No er det folket på Fedje som kan sjå utstillinga på biblioteket der.
Det var ordførar Tom Georg Indrevik som valde ut Fedje som kommune nummer to i stafetten.
Utstillinga skal gå som stafett mellom ei rekkje kystkommunar på Vestlandet før ho kjem tilbake til Øygarden der gåsenebbkvalen vart funnen.
Ordførar i Fedje, Stian Herøy, seier at skulane går langs strendene og gjennomfører innsamlingsaksjonar kvart år.
- Organisasjonen In The Same Boat har også vore her og samla inn plast. Vi ser at det samlar seg plast på spesielle plassar, men totalt vil eg seia at er registrert mindre plast langs strendene her ute dei siste åra. Me gler oss over at olja (tjukkolje) som tidlegare var observert her i store mengder, no er borte, seier Fedje-ordføraren som er glad for engasjementet for å samla inn plast langs kysten.
Vendepunkt
For kunstnar Kristin Krogh Sissener vart funnet av plastkvalen eit vendepunkt. Nokre dagar etter nyheitene sat ho i atelieret sitt med penslane i handa, fylt av sterke kjensler. Utan å planleggja det, tok penselsstrøka form, og eit nytt kunstverk vart til. Eit bilete av ein kval, ein kunstnarisk refleksjon av lagnaden til plastkvalen. Slik vart Kunstkvalen fødd.
Treskulpturar laga av Kenneth Bruvik.Kenneth Bruvik som i mange år har kjempa for miljøet og ein rein kyst, har laga til to mindre treskulpturar av plastkvalen.
- Kunstkvalen skal vandra vidare til alle dei 42 andre kommunane i Vestland før ringen vert slutta med utstilling her i Øygarden. Målet med dette er at vi skal ha fokus på reinare natur og at vi må ta vare på den vakre naturen vår, seier Bruvik.
Biletet måla av Kristin Krogh Sissener vart hengjande i atelieret, inntil ein dag då miljøentusiast Ove Gudding kom på besøk. Han vart straks gripen av uttrykket til Kunstkvalen og spurde om å få låna biletet til ei utstilling i samband med Hold Norge Rent-konferansen i Stavanger.
Ove bygde ein eigen stand med Kunstkvalen som midtpunkt, og inviterte Kristin med på konferansen. Etter arrangementet ønskte Ove å kjøpa biletet, med mål om å auksjonera det bort til inntekt for plastrydding langs norskekysten.
Hausten 2025 kom Bjørn E. Sissener med idéen om å visa biletet til Kenneth Bruvik – kjent miljøforkjempar – for å utforska korleis Kunstkvalen kunne bidra endå meir. Møtet fann stad i lokalet til Framtidshavet, der ein idédugnad tok form.
Kenneth hadde nyleg laga ein kval i nøttetre, skapt av rekved funne under ein ryddeaksjon. Saman la dei tre planane for to nye prosjekt; Vandrekvalen og Kunstkvalen.
Engasjement og innsamling
Målet var å skapa engasjement og samla inn midlar til plastrydding.
- Prosjekta er no i gang, og dei første midlane har allereie komme inn til Framtidshavet. Arbeidet med plastrydding er i full gang. Målet er å halda dette i gang i lang tid framover, seier Kenneth Bruvik.
Tekst og foto: Vigleik Brekke