Øygarden er ikkje teken ut i første streikeuttak
Øygarden er ikkje mellom dei kommunane som kan verta ramma av streik frå 29. mai. Tilsette kan verta tekne ut i streik i seinare uttak.
Øygarden kommune er ikkje ramma av streik i første uttak.I kommunal sektor kom ikkje LO og YS til semje med KS i dei sentrale forhandlingane.
Hovudmeklinga startar hjå Riksmeklaren den 26. mai og skal avsluttast innan 28. mai klokka 24.00. Dersom meklinga ikkje gjev noko løysing, vert det streik frå arbeidsstart den 29. mai for tilsette i ein del kommunar.
- Øygarden er altså ikkje mellom dei kommunane som vert ramma i første streikeuttak. Vi håpar å unngå streik. Dersom det vert streik, vil vi sjølvsagt følgja dei spelereglane som gjeld for ein slik situasjon, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Saman med kommunedirektøren førebur beredskapsgruppa ved arbeidskonflikt organisasjonen på konsekvensane av ein eventuell streik.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 22.05.2026 15.38