- Kundane er opptekne av dette

På onsdag fekk Thon Hotel Straume overrekt Miljøfyrtårn av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Som hotell ønskjer vi at miljøavtrykket vert minst mogleg, seier hotelldirektør Sølvi Langø.

Frå venstre; hotelldirektør Sølvi Langø, dagleg leiar Ernst Einarsen og ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteFrå venstre; hotelldirektør Sølvi Langø, dagleg leiar Ernst Einarsen og ordførar Tom Georg Indrevik

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Thon Hotel Straume har stort sett fullt hus heile tida. I mai har belegget vore 96 prosent, og betjeninga må ofte seia nei til kundar når dei ber om overnattingsplass. Hotellet opna i april 2025 og har 54 rom. 

Årsbudsjettet for 2026 er på 26 millionar kroner. Ein stor del av kundane overnattar på hotellet i samband med forretningsbesøk. Andre gjester har gjerne oppdrag på til dømes Coast Center Base.

No er det planar om utviding.

- Vi håpar å starta opp arbeidet med å utvida hotellet mot sør med 135 nye rom i løpet av hausten. Det er også planar om konferansesal med plass til 400 personar, seier hotellsjef Sølvi Langø.

Mange med tilknyting til hotellet var med på å markera at hotellet er miljøfyrtårnsertifisert. - Klikk for stort bileteMange med tilknyting til hotellet var med på å markera at hotellet er miljøfyrtårnsertifisert.

Jan Tore Tingvoll er dagleg leiar for driftsselskapet Eiendomsdrift Vest AS og har hatt mykje av ansvaret med å få Thon Hotel Straume miljøsertifisert.

- Vi kjeldesorterer og brukar vaskemiddel utan kjemikaliar. Vi arbeider også medvite på å få redusert matsvinn så mykje som mogleg, seier han.

Sølvi Langø seier at miljøsertifisering av hotellet er av stor betydning for kundane. Dei er opptekne av det grøne skiftet og at vi jobbar berekraftig, seier hotelldirektøren. 

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at jo fleire bedrifter som vert Miljøfyrtårn, jo meir betyr dette for Øygarden kommune i sum. Han er glad for at også denne type bedrifter vert sertifisert.


Tekst og bilete: Vigleik Brekke