Mogleg streik frå 29. mai

I kommunal sektor kom ikkje LO, YS, UNIO og Akademikarane til semje med KS i dei sentrale forhandlingane. Ein eventuell streik vil starta 29. mai.

Dei sentrale partane er no i ein meklarfase. Hovudmeklinga startar hjå Riksmeklaren den 26. mai og skal avsluttast innan 28. mai klokka 24.00. Dersom meklinga ikkje gjev noko løysing, vert det streik frå arbeidsstart den 29. mai.

Saman med kommunedirektøren førebur beredskapsgruppa ved arbeidskonflikt organisasjonen på kva konsekvensar ein eventuell streik vil få for tenestene i Øygarden kommune.