Desse var med denne dagen. Frå venstre; Vigdis Solberg, Merethe Ophaug, Aasta Sangolt, Berit Revheim, Ingunn Skår Fjeld og Laila K. Storesund.Vi har gjort avtale med ein del besteforeldre som ønskjer å bidra positivt inn i skulekvardagen til barna. Besteforeldra skal ikkje erstatta dei tilsette, men bidra til at det er fleire trygge vaksne i skulegarden vår. Dette er ei god investering, og har verdi både for små og store. Besteforeldra er gode ressursar, og bidrar i leik og positiv samhandling med elevane.
Elevane gir uttrykk for at det er stas å få Bestevaktene på besøk kvar onsdag. Dei er snille og gøye å vera saman med. Dei blir med på mange ting, og nokre har prøvd seg både på å spela fotball og stå på hender. Bestevaktene er hjelpsame og passar godt på oss. Dei ser om nokon går åleine, og pratar og leiker med oss.
Bestevaktene er med på aktivitetar saman med elevane.Besteforeldra set også ord på at dette gir dei verdi og glede i kvardagen. Vigdis seier at ho føler seg veldig heldig og privilegert som får vera med på dette.
- Eg gler meg til kvar onsdag. Då får eg møta mange barn, og eg opplever at dei er både høflege og greie i møte med oss, seier ho.
Berit fortel at ho likar å gleda andre, og ser på elevane at dei synest det er kjekt når Bestevaktene kjem.
Aasta opplever det også meiningsfullt å bidra som Bestevakt.

- Eg ser om det er nokon som går åleine, og då går eg bort og pratar med dei, seier ho.
Merethe får spørsmål frå barnebarna heime.
- Kjem du i morgon, mormor? Prosjektet er berre positivt, og eg blir i godt humør av å delta på dette. Dei yngste barna tek kontakt og vil leika, medan dei eldste gjerne helsar på ved å klaska neve eller "high five", seier Merethe.
Tekst og bilete: Anita Vabø, rektor