Prosjektleiar John André Vegge til høgre ser til at arbeidarane brukar god arbeidsteknikk når dei tek dei første spadetaka. Frå venstre elles; Andrine Rong (arbeidspraksiselev frå Danielsen ungdomsskule), Børge Haugetun (leiar i plan- og miljøutvalet), Simen Nygård Sunde (arbeidspraksis og elev på Fjell ungdomsskule), skulesjef Rune Golf, Anders Marum Flaa (prosjektleiar Veidekke), Bente Kleppe Lervik (rektor Fjell ungdomsskule) og Tom Georg Indrvik (ordførar).Skulen skal gje plass til 610 elevar. Totalentreprisekontrakten med Veidekke er på 437 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.
- Dette er nok det største prosjektet den nye kommunen nokosinne har teke fatt på. Prosjektet er ein konsekvens av kvaliteten på eksisterande skulebygg. Men uansett er det viktig å hugsa på at innhaldet er det viktigaste, sa ordføraren.
Rektor på Fjell ungdomsskule, Bente Kleppe Lervik, understreka også at menneska og elevane er det viktigaste.
- Dette er ein gledesdag, og vi ser verkeleg fram til å ta skulen i bruk. Det har vore eit svært godt samarbeid i planleggingsarbeidet, sa rektoren.
Ordførar Tom Georg Indrevik likte seg som gravemaskinførar.Vi spør henne om kva som vert dei største forskjellane på gamal og ny skule.
- Med den nye skulen får vi mange nye aktivitetsmogleheiter. Det vert mange sitjeplassgrupper inne og ute, og vi ser fram til nytt bibliotek. Dei tilsette får kontorarbeidsplassar nær klasseromma sine. I det heile tatt får vi lyse, opne og fine fasilitetar, seier rektor Bente Kleppe Lervik.
Også prosjektleiar John André Vegge understrekar det gode samarbeidet med Veidekke.
- Det har også vore ein god dialog i utviklinga av prosjektet der ulike brukargrupper er trekte inn. Vi har funne gode løysingar på ein kostnadseffektiv måte, sa prosjektleiaren.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke