17. mai er viktig for fellesskapet

På nasjonaldagen var det markeringar med kransepålegging mellom anna ved Sund kyrkje, Fjell kyrkje, Kausland kyrkje, Blomvåg kyrkje og minnestøtta etter doktor Gjelsten på Straume.

Frå kransepålegginga ved Sund kyrkje i Klokkarvik - Klikk for stort bileteFrå kransepålegginga ved Sund kyrkje i Klokkarvik

I talen ved kransepålegginga ved Sund kyrkje peika ordførar Tom Georg Indrevik på dei verdiane vi har i samfunnet og som vi må kjempa for.

- Alle generasjonar må vera budde på å kjempa for verdiane våre og fridomen vi set så høg. I dag skal vi minnast dei som har gjeve det høgaste prisen for fridomen vår.

I talen ved minnestøtta ved Fjell kyrkje minna formannskapsmedlem Ingvill Kvalsnes Blom om at mange reiste seg mot den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Gutar og menn i sin beste alder ofra seg for landet og fridomen. 

- Sist helg fekk eg besøka Nordsjøfartmuseet i Telavåg og såg filmen om kva som skjedde våren 1942. Det var ei sterk og gripande historie som ikkje må gå i gløymeboka. Bygda Telavåg i Sund fekk oppleva kor brutal ein krig er.

Ingvill Kvalsnes Blom la ned krans ved Fjell kyrkje og minnesteinen etter doktor Gjelsten - Klikk for stort bileteIngvill Kvalsnes Blom la ned krans ved Fjell kyrkje og minnesteinen etter doktor Gjelsten. Til høgre; Egil Morland

Ho understreka likevel at vi kan få markera nasjonaldagen som ein festdag for alle. 

- På denne dagen får vi vist at vi står saman om viktige og grunnleggjande verdiar i samfunnet vårt, sa Kvalsnes Blom som også la ned krans ved minnestøtta etter doktor Gjelsten.

Formannskapsmedlem Nils Kåre Skoge la ned krans ved Kausland kyrkje. Han sa at dette er dagen då vi feirar fridom, demokratiet og fellesskapet vårt. 

- Det er også ein dag for ettertanke. For den fridomen vil lever i i dag, kom ikkje av seg sjølv. Han vart kjempa fram og verna av menneske som sa ja til stå opp når det trongst. 

Frå markeringa ved Kausland kyrkje - Klikk for stort bileteFrå markeringa ved Kausland kyrkje der Nils Kåre Skoge la ned krans.

Han minna også at ved denne støtta minnest vi dei som gav noko større enn vi kan måla i ord. Nokre gav livet sitt.

- La os minna kvarandre om at historia ikkje berre høyrer fortida til. Ho lever vidare gjennom dei vala vi tar kvar dag, sa Skoge.

Kommunestyrepolitikar og leiar i utval for plan og utvikling, Børge Haugetun, la ned krans ved Blomvåg kyrkje. 

Haugetun viste til symbolikken i at det for 212 år sidan på vårparten vart kalla inn til grunnlovsforsamling nettopp på kyrkjebakkane rundt om. Han sa at fridomen vår ikkje har vore utan offer. 

Frå gudstensta i Blomvåg kyrkje der sokneprest Espen Tveten talte. - Klikk for stort bileteFrå gudstensta i Blomvåg kyrkje der sokneprest Espen Tveten talte.

Med tanke på krigen i Ukraina gjev ei samling ved minestøtta ei tilleggsdimensjon og forsterkar minnet om dei offer våre eigne gav frå 1940 til 1945. Haugetun viste også til kor viktig handelsflåten var for dei allierte etter at Storbritannia stod åleine etter at Frankrike fall.

- Me må vere budde også i framtida om nødvendig å forsvara fridomen vår og sjølvstende. Me er heldige i Noreg som lever i fred og fridom. Måten me feirar vår nasjonaldag er flott og inkluderande, sa Børge Haugetun.

Her er fleire bilete:

Ingvill Kvalsnes Blom og Egil Morland - Klikk for stort bilete
Sokneprest i Sund Lars Arne Vik og ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Frå minnestøtta ved Blomvåg kyrkje - Klikk for stort bilete
Minnestøtta ved Sund kyrkje - Klikk for stort bilete
Minnestøtta etter doktor Gjelsten - Klikk for stort bilete


Tekst/redigering: Vigleik Brekke
Foto: privat