
Signerte kontrakt for nytt administrasjonsbygg
På fredag signerte Øygarden kommune kjøpekontrakt med Solsio AS for nytt administrasjonsbygg sentralt på Straume.
- Med dette legg vi til rette for ei framtidsretta driftsform for ein utviklingsorientert kommune, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir.
Mange møtte opp på kontordag
Torsdag gjennomførte Øygarden kommune den første kontordagen for innspel til arealdelen til kommuneplanen.
- Dette var nyttig. Gje oss fleire slike kontordagar, seier Jarle Sælensminde frå Klokkarvik.
Les meir.
Vil ha notat om konsekvensar av å stengja bru
Plan- og miljøutvalet (PMU) ber administrasjonen om å utarbeida eit notat om konsekvensane av å stengja Gamle Straumsundet bru. Utvalet vil at notatet særleg legg vekt på konsekvensane for mjuke trafikantar. Det vert bede om at notat vert lagt ved saka og fremja for kommunestyret.
Les meir.
Viktig møtepunkt med næringslivet
Torsdag gjennomførte Øygarden kommune sitt årlege nyttårsmøte.
- Vi er heldige i Øygarden som har et så stort og mangfaldig næringsliv, seier ordførar Tom Georg Indrevik etter møtet. Han seier at det er avgjerande for vekst og utvikling å ha ein god dialog med næringslivet.
Les meir.
Støyper brudekk og stengjer sjøtrafikken
Fredag 30. januar vert den andre støypen på brudekket over Bildøystraumen. Under støypinga vert det stengt for sjøtrafikk.
Les meir.
Hugs å søkje barnehageplass innan 1. mars
Ønskjer du barnehageplass i Øygarden frå hausten 2026, må du søkja elektronisk i Vigilo innan 1. mars. Hovudopptaket gjeld barn som ikkje har barnehageplass, og som fyller kriteria for lovfesta rett til barnehageplass.
Les meir.
- Supert med islagt ballbinge
Rektor på Toftøy skule, Elisabeth Blomvågnes Strandtun, gler seg stort over at den eine ballbingen er islagt.
- Vi ser fram til at elevane skal få boltra seg på isen, seier ho.
Les meir.
Følgjer opp varsel om gebyr
Arbeidstilsynet har varsla at Øygarden kommune kan få eit gebyr på 370 tusen kroner. Ifølgje tilsynet har ikkje kommunen gjennomført nødvendig kontroll av løns- og arbeidsvilkår i kontraktar som er omfatta av forskrifta. Kommunedirektør Johnny Breivik seier at kommunen tar dette på alvor og vil gje tilsvar på varselet innan fristen.
Les meir.
Vil ha open SFO frå klokka 07.00
Levekårsutvalet sluttar seg til forslaget til endra organisering av skulefritidsordninga (SFO og ferie-SFO), men tilrår at opningstida skal vera mellom klokka 07.00 og 16.30 inkludert haust-, vinter- og sommarferie. Utvalet behandla saka onsdag ettermiddag.
Les meir.
Positiv seksualitetsundervisning i Øygarden kommune
Beste måten å førebyggja vald og seksuelle overgrep på er via formidling av ei positiv og heilskapleg tilnærming til seksualitetsundervisning tilpassa barna og unge. Det skal vera ei auka satsing på heilskapleg formidling på seksualitet og seksuellhelse til befolkninga nedfelt i Strategiplanen: God seksuell helse – vårt felles ansvar: Strategi for seksuell helse.
Les meir.
Kick-off for leselyst på Skogsvåg
Tradisjonen tru på måndag morgon kl. 09.00 samla heile Skogsvåg skule seg i Sundhallen til kick-off for leselystprosjektet. Rektor og Spekki (maskoten til skulen) klipte snora, og etter felles dans og høgtlesing var festivalen offisielt opna.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (05)
- 26.01: Interne møte
Besøk på helseinstitusjon - 28.01.: Eigarmøte i Bergen Hamn
- 29.01.: Nyttårsmøte for næringslivet
Møte med Cowi - 30.01.: AU Høgre ( Teams)
Møte om 8. mai
Møte med ØyVAR
Møte med Knappen Sjø
Ordføraren neste veke (05)
- 02.02.: Interne møte
Dialogmøte med Vestland fylkeskommune
Møte med FFO (fellesorganisasjon for funksjonshemma)
Kommunalutvalet Høgre – Teams - 03.02.: Utdeling av miljøfyrtårn
Dialogmøte med Sartor Drange
Formannskapsmøte - 04.02.: Forsvarskonferanse
PWC – Forsvarsmøte - 06.02.: Au Høgre Teams
Utdeling to miljøfyrtårn
Opning av Nye Basecamp - 07.02.: NM i Brass, Grieghallen
Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (05)
- 02.02.: Interne møte
- 03.02.: Formannskap
- 04.02.: Mammografi
- 06.02.: Årsmøte Vest Vassrådutval
Opning Basecamp