Gruppemøte i fleirtalspartia før forslag om SFO vart fremja.Saka går vidare til endeleg behandling i kommunestyret.
Utvalet sluttar seg til at vedtektene for skulefritidsordninga som er gjeldande per i dag, vert endra i samsvar med saksframlegget og innarbeida i forskrift for skulefritidsordninga (SFO) i Øygarden kommune. Forskrift for skulefritidsordninga (SFO) i Øygarden kommune vert lagt fram som ei eiga sak.
I innstillinga frå kommunedirektøren var det føreslått å redusera opningstida med ein halvtime og at opningstida som hovudregel skulle vera mellom kl. 07.30 og 16.30 (kl. 16.00 i feriar). Utvalet tilrår altså at SFO vert open frå klokka 07.00.
Elles sluttar utvalet seg til framlegget som mellom anna inneber at plasstypar vert redusert frå sju til tre plassar og at talet på skular som har tilbod om SFO i skuleferiane, aukar frå seks til ni skular. Elevane vil høyra til faste SFO-krinsar i ferieperiodane.
Bakgrunnen for saka er mellom anna at SFO-tilbodet i liten grad er harmonisert etter kommunesamanslåinga og at det er innført 12 timar gratis SFO for 1. – 3. trinn. Ei omlegging vil gje mindre administrasjon og tidsbruk. Det har fram til no også vore ein utfordrande bemanningssituasjon, særleg i sommarferiane.
Gruppe møte for opposjonspartia. Alle desse partia slutta seg til tilrådinga om at SFO skal vera open frå klokka 07.00.Lik fordeling av ekstramidlar til barnehagane
Levekårsutvalet (LKU) vedtok at ekstrapengane i tilskotsordninga til barnehagar vert fordelt til alle barnehagane i kommunen utan behovsprøving.
Øygarden kommune har takka ja til å delta i ei tilskotsordning for toppa bemanning i barnehageåret 2025/2026. Kommunen har fått om lag 1,6 millionar kroner til dette. Etter forhandlingar om statsbudsjettet, har kommunane fått endå meir pengar. Øygarden vil venteleg få i overkant av seks millionar kroner i 2026 gjennom denne tilskotsordninga.
Kommunedirektøren har etter innspel frå fleire aktørar konkludert med at den beste løysinga er å fordela pengane likt på alle barnehagane, kommunale og private, basert på ein lik sats pr barn.
I vedtaket heiter det også at denne fordelinga gjeld for både 2026 og komande år dersom tilskotsordninga vert vidareført. Fordelinga av tilskotet blir evaluert hausten 2026, og Levekårsutvalet vil få ei orientering om resultatet av evalueringa.
Salsløyve
Holdbart AS, som skal starta butikk på Sartor Storsenter, får salsløyve for alkohol gruppe 1.
Orienteringar og synfaring
Før behandling av sakene var det orientering Familien Pluss (NAV), og status frå Helse og velferd, Oppvekst og kultur.
Før samlinga på rådhuset var utvalet på synfaring og fekk informasjon om Gangstø ressurssenter i Blomvåg.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her kan du sjå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke