Signerte kontrakt for nytt administrasjonsbygg
På fredag signerte Øygarden kommune kjøpekontrakt med Solsio AS for nytt administrasjonsbygg sentralt på Straume.
- Med dette legg vi til rette for ei framtidsretta driftsform for ein utviklingsorientert kommune, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Frå venstre; Bjarne Haldorsen, Johnny Breivik og Kåre BjorøyPlanleggingsarbeidet med å flytta frå rådhuset nord for riksveg 555 til det nye bygget på Straume er godt i gang. Innflytting er venteleg unnagjort i løpet av 1. kvartal 2027. Det nye bygget har ein kapasitet på om lag 100 arbeidsplassar. Det er sett av 67 millionar kroner i budsjettet eksklusive meirverdiavgift til det nye bygget.
Det var eigarane av Solsio AS, Liegruppen AS ved Bjarne Haldorsen (styreleiar i Solsio og administrerande direktør i Liegruppen) og Kåre Bjorøy i Kåre Bjorøy Holding AS, som signerte på vegner av seljar. Kommunedirektør Johnny Breivik signerte på vegner av kommunen.
- Øygarden kommune får no eit kvalitetsbygg som skal vara i mange år, seier Kåre Bjorøy.
Kommunedirektør Johnny Breivik seier at innflytting i dette administrasjonsbygget er eit viktig grep for utvikling av både kommunesenteret på Straume og kommuneverksemda.
- No sikrar vi eit viktig kommunalt fotavtrykk i sentrumskjernen samstundes som vi reduserer arealbruken monaleg. Det viktigaste er kanskje at vi frigjer ei attraktiv tomt for den vidare utviklinga av sentrum og Sotra Kystby. Dette er starten på ei viktig og nødvendig fornying av den kommunale strukturen, og ei dreiing mot meir fleksible arbeidsformer, seier kommunedirektøren.
Det nye administrasjonsbygget på Straume
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 30.01.2026 11.26