Følgjer opp varsel om gebyr

Arbeidstilsynet har varsla at Øygarden kommune kan få eit gebyr på 370 tusen kroner. Ifølgje tilsynet har ikkje kommunen gjennomført nødvendig kontroll av løns- og arbeidsvilkår i kontraktar som er omfatta av forskrifta. Kommunedirektør Johnny Breivik seier at kommunen tar dette på alvor og vil gje tilsvar på varselet innan fristen.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik

Formålet til forskrift om lønn- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar er å bidra til at offentlege oppdragsgjevarar skal velja seriøse verksemder til å utføra tenester og byggje- og anleggsarbeid, og at dei som arbeider i eller for desse verksemdene har anstendige arbeidsforhold. Gjennom kontroll av løns- og arbeidsvilkår i eigne kontraktar kan offentlege oppdragsgjevarar vera med på å hindra sosial dumping og motverka arbeidslivskriminalitet.

Øygarden kommune har hatt tilsyn frå Arbeidstilsynet i 2022 og 2025. Det vart gjeve pålegg til kommunen. Etter at dokumentasjon vart sendt inn, vart begge desse tilsyna lukka. 

Arbeidstilsynet skriv i varselet til Øygarden kommune no i januar at det er avdekt i eit tilsyn at kommunen ikkje gjennomfører nødvendig kontroll av løns- og arbeidsvilkår i kontraktar som er omfatta av forskrifta. 

- De har sendt oss rutinar som seier korleis de skal gjennomføra risikovurderingar og kontroll. Under tilsynet vart det opplyst at kommunen ikkje hadde teke i bruk rutinen i praksis, og difor ikkje kunne visa til gjennomførte risikovurderingar og kontroll, står det i varselet.

Som følgje av tilsynet er det sett i verk tiltak som skal sikra at rutinane vert følgde. 

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at kommunen tek varselet på alvor. 

- Når Arbeidstilsynet meiner vi ikkje følgjer eigne rutinar godt nok opp, må vi ta dette til etterretning. Det er viktig for å oss å få desse rutinane skikkeleg på plass. Alle som jobbar, i eller for kommunen, skal ha ordna løns- og arbeidsvilkår, seier kommunedirektøren.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke