Frå ei av samlinganeHelse er inndelt i tre område; områda fysisk helse, psykisk helse og seksuell helse. Det skal vera ei auka satsing på heilskapleg formidling på seksualitet og seksuell helse til befolkninga nedfelt i Strategiplanen: God seksuell helse – vårt felles ansvar: Strategi for seksuell helse.
«Norges internasjonale arbeid har som mål at alle har rett og høve til å bestemma over eigen kropp. Innsatsen har tre tematiske delmål: 1. Alle har tilgang til seksuell og reproduktiv helse og rettigheter, inkludert prevensjonsmiddel og trygg abort. 2. Barn og ungdom mottar alderstilpassa og heilskapleg undervisning om kjønn og seksualitet, i og utanfor skole. 3. Det er internasjonal aksept for seksuelle rettar.» God seksuell helse – vårt felles ansvar.
Gjennom ei heilskapleg tilnærming med fokus på utformidling av positiv og nytelsesfull seksualitet tidleg i livet er grunnlaget for å utvikla ei god helse generelt. Det er i tillegg det mest kriminalitetsførebyggjande arbeidet ein kan leggja til rette for, for å unngå seksuell vald som blir rekna som eit folkehelseproblem.
Det er gjennomført samlingar i barnehagar og skular på førespurnad for systemarbeid på bestilling frå PPR (pedagogisk psykologisk ressurssenter): Søknad om kompetanseheving og rettleiing barnehage
PPR skal stå for det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehage og skule i Øygarden kommune…. PPR er samansett av ulike fagpersonar som jobbar med sakkunnig vurdering, rettleiing og system- og utviklingsarbeid i barnehage og skule. Inkluderingsperspektivet er sentralt for det pedagogiske utviklingsarbeidet.
Det er tilgjengelege verktøy på samlesida til RVTS.
Vi tilrår personale i barnehage og skule til å gjera seg kjent med verktøya for formidling av ei positiv og berekraftig formidling av seksualitet og seksuell helse.
Til undervisning i skolen anbefalar vi Sex og Politikk sitt verk Veke6 og Veke16 for undervisning til elevar trinnvis frå 1. trinn til 1. vidaregående og i barnehage blir det tilrådd ÆEMÆ og det lokale verket Hele meg. Dette bidrar til ei berekraftig seksualitetsundervisning i samsvar med konvensjonen som tilpassa barn på deira utviklingstrinn i Øygarden kommune.
Æ E MÆ - for trygge og robuste barn
Hele meg - om kropp og grenser i barnehagen
Sex og politikk
Liv Golten
PPT og Sexologen