- Supert med islagd ballbinge
Rektor på Toftøy skule, Elisabeth Blomvågnes Strandtun, gler seg stort over at den eine ballbingen er islagd.
- Vi ser fram til at elevane skal få boltra seg på isen, seier ho.
Ballbingen på Toftøy skuleI tillegg til Toftøy skule, er det lagt is på ballbingane til Stranda skule og Brattholmen skule. Leiar i byggforvaltning, Ivan Nakken, seier at dette tiltaket er eit samarbeid mellom Øygarden brann og redning og byggforvaltning.
- Det er påført vatn i to omgangar. Isen på Toftøy skule og Stranda skule er klar for bruk før helga. Isen på ballbingen på Brattholmen kan brukast frå måndag av, seier Nakken.
Ballbingen på Brattholmen vart islagt på fredag.Elisabeth Blomvågnes Strandtun seier at elevane og dei tilsette ser veldig fram til å koma seg på isen. Skulen har allereie hatt aktivitetar på islagde vatn i området.
- Vi vil organisera det litt og ha nokre reglar. Vi vil at elevane skal bruka hjelm. Eg har inntrykk av at elevane låner skeiser av kvarandre. Vi oppmodar også elevane til å nytta seg av BUA på Ågotnes, seier rektoren.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ivar Nakken og Elisabeth Blomvågnes Strandtun
Publisert 30.01.2026 13.23