Kick-off for leselyst på Skogsvåg

Tradisjonen tru på måndag morgon kl. 09.00 samla heile Skogsvåg skule seg i Sundhallen til kick-off for leselystprosjektet. Rektor og Spekki (maskoten til skulen) klipte snora, og etter felles dans og høgtlesing var festivalen offisielt opna.

Frå startsamlinga for leselystprosjektet på måndag denne veka - Klikk for stort bileteFrå startsamlinga for leselystprosjektet på måndag denne veka.

Sidan Spekki ikkje kan lesa, var det rektor som stod for høgtlesinga. Då den store boka vart opna på scena, fekk forteljingane liv og skapte glede og begeistring for elevane. Fleire vaksne frå skulen bidrog med innslag som gjorde samlinga ekstra spanande.

Elevane skal lesa både heime og på skulen. Alle får med seg leseskjema heim, og kvar klasse kan følgja med på korleis det går gjennom statistikk over heile skulen. Målet er å lesa mest mogleg, skapa leselyst og kjenna på glede og meistring.

Her er fleire bilete:

Frå leselystprosjektet - Klikk for stort bilete

Ingrid Bildøy Hestad
rektor Skogsvåg skule