
Uvurderleg innsats for fellesskapet
Onsdag denne veka var det invitert til fest i kultursalen i Øygarden rådhus. Dei inviterte var tilsette som har arbeidd 40 og 25 år i kommunen.
- Dette er ikkje berre eit tal. Det er eit uttrykk for lojalitet, engasjement og ein uvurderleg innsats for fellesskapet vårt, sa kommunedirektør Johnny Breivik då han helsa jubilantane velkomne.
Les meir.
Så er julegata tent
Litt etter klokka 14 på fredag kunne Jarle Rennedal i Sartor Storsenter telja ned for å få slått på lysbrytaren. No kan Grønamyrvegen kallast julegate i ein halvannan månad framover. Eit dusin interesserte frå kommuneleiinga og næringslivet fekk dette med seg.
Les meir.
De viser veg for andre
Det vart gjort stor stas på barna i Tiriltunet barnehage på onsdag då både ordførar, varaordførar, målfolk og bankfolk troppa opp. Sotra Mållag, som deler ut bokpakke til alle barnehagane i gamle Sund og Fjell, nytta også høvet til å dela ut målblom til barnehagen.
Les meir.
- Vi har tatt sjølvkritikk og sett i verk tiltak
Kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, beklagar handteringa av ei tidlegare barnevernsak. Etter eit tilsyn i same sak, har Statsforvaltaren meldt Øygarden kommune til politiet for grov uaktsam tenestefeil.
Les meir.
- Vi har verdas beste jobb
Det var mange stolte medarbeidarar som stod fram på scena då 160 tilsette i barn og familie var samla i kultursalen tysdag ettermiddag.
- Målet med samlinga var å få kunnskap om og kjennskap til kva dei andre arbeider med, seier barne- og familiesjef Monica Johannesen Mørk. Dette var første fellessamling for alle tilsette i barn og familie.
Les meir.
Prioriterer sommarjobb
Ungdomsrådet behandla denne veka framlegg til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029. Rådet ønskjer mellom anna at det vert lagt til rette for sommarjobb for ungdom. I vedtaket om uttale til budsjettet heiter det at sommarjobb for ungdom både i helsetenestene og på andre område bør vidareførast då dette reduserer belastninga for dei som jobbar fast.
Les meir.
Ber om støtte til arbeidskøyring
Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) ønskjer at ordninga med arbeidskøyring til VTA-plassar og dagsenter må halda fram (VTA: varig tilrettelagt arbeid). Rådet gav onsdag uttale til framlegget til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029. Rådet uttalar at dersom ikkje tilbodet med arbeidskøyring held fram, må mange slutta i arbeidet.
Les meir.
Fleire innspel frå eldrerådet til budsjettet
Eldrerådet samla seg om fleire verbalforslag og nokre konkrete endringsforslag til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 då rådet var samla til møte på torsdag. Eldrerådet drøfta spesielt brukarbetaling for tryggleiksalarmar. Rådet samla seg om at bruk av tryggleiksalarmar må vera gratis for personar med inntekt under 2G.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (48)
- 24.11.: Interne møte
Besøk Gangstø resrurssenter - 25.11.: Equinor Oslo
Innlegg Alver Høgre - 26.11.: Utdeling nynorskbøker – Tiriltunga barnehage
Jubileumsarrangement 40- og 25-årsjubilantar - 27.11.: Samling Sotrasambandet
Besøk Northern Light
CCUS UiB (CO2 fangst, - bruk- og lagring)