- Vi har verdas beste jobb

Det var mange stolte medarbeidarar som stod fram på scena då 160 tilsette i barn og familie var samla i kultursalen tysdag ettermiddag. 
- Målet med samlinga var å få kunnskap om og kjennskap til kva dei andre arbeider med, seier barne- og familiesjef Monica Johannesen Mørk.

Gruppearbeid - Klikk for stort bileteGruppearbeid med oppgåver om ulike kasus.

Dette var første fellessamling for alle tilsette i barn og familie.

Barne- og familiesjefen seier at ho gledde seg stort til å samla alle dei flotte medarbeidarane og høyra dei presentera tenestene sine for kvarandre.

- Opplevinga mi var at det vart tre fine timar der tenestene presenterte seg på ulike måtar som bidrog til god stemning og deling av nødvendig informasjon. Medarbeidarane fekk også høve til å snakka saman på tvers av einingane og bli kjende med kvarandre, seier Monica Johannesen Mørk.

Alle deltakarane fekk skilt som viste kva tenester dei jobbar med. I den første bolken presenterte dei fire einingane; barneverntenesta, familiehjelpa, familiehelsetenesta og lærings- og integreringssenteret arbeidet sitt. Etter pausen var det gruppearbeid der deltakarane skulle drøfta korleis dei skulle følgja opp ulike kasus.

Monica Johannesen Mørk framfor medarbeidarane i kultursalen. - Klikk for stort bilete- Denne samlinga bidreg til at vi får snakka saman på tvers av einingane og bli kjende med kvarandre, seier barne- og familiesjef Monica Johannesen Mørk.

Sima Førde i familiehjelpa presenterte barne- og ungdomstenesta, kommunepsykologtenesta, landsbytenesta og ressursar i ulike tenester.

- Vi skal gjera ein forskjell. Då treng vi samhandling og samarbeid på tvers. Med landsbymodellen ønskjer vi å utvikla ein samarbeidande kommune der landsbyen rundt barnet jobbar i takt og same retning, sa Førde. Det var også eit tankevekkjande rollespel med terapihunden Tommy. Undersøking viser at dette er eit tiltak som gjev effekt.

Lærings -og integreringssenteret presenterte «integreringsreisa» frå klargjering av bustaden, første møte med den nye innbyggjaren, informasjonsarbeid, til kontakt med helsetenesta, skule og barnehage m.m. Lærings- og integreringssenteret har eit omfattande arbeidsfelt som busetjing, helseoppfølging, opplæring og kvalifisering, overgang til arbeid eller utdanning. Nav er ein viktig samarbeidspartnar.

Barnevernet presenterte arbeidet mellom anna med song - Klikk for stort bileteBarnevernet presenterte arbeidet mellom anna med song.

I presentasjonen av barneverntenesta vart det understreka at behovet til barnet er i sentrum. Det vart mellom anna presentert korleis ein følgjer opp ei bekymringsmelding. Barnevernet presenterte også deira teneste i form av ein song.

- Vi har 58 strålande menneske i barneverntenesta, sa leiar Hege Gundersen.

Familiehelsetenesta presenterte seg med videoar med ein god porsjon humor. 

Ein Kahoot med spørsmål om kommunen og tenestene i barn og familie vart det også plass til.

Summa summarum var dette ein dag med mange stolte medarbeidarar som gjerne sluttar seg til det ein medarbeidar uttalte; Vi har verdas beste jobb!

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke