Fleire innspel frå eldrerådet til budsjettet

Eldrerådet samla seg om fleire verbalforslag og nokre konkrete endringsforslag til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 då rådet var samla til møte på torsdag. Eldrerådet drøfta spesielt brukarbetaling for tryggleiksalarmar.

Frå møtet i eldrerådet på torsdag. På biletet Jan Utkilen (til venstre) og Egil Haaland. - Klikk for stort bileteFrå møtet i eldrerådet på torsdag. På biletet Jan Utkilen (til venstre) og Egil Haaland.

Rådet samla seg om at bruk av tryggleiksalarmar må vera gratis for personar med inntekt under 2G. Det betyr at eldrerådet har bytta ut «husstand» med «personar».

På møtet vart det presentert tre forslag i samband med budsjett og økonomiplan. Leiar Egil Haaland fremja eitt forslag med verbalformuleringar, men også konkrete budsjettendringar. Jan Utkilen fremja eitt forslag med ei rekkje verbalpunkt som innspel frå eldrerådet. Alle forslaga fekk full tilslutnad i rådet.

Her kan du lesa forslaget frå Egil Haaland. (PDF, 63 kB)

Forslag frå Jan Utkilen (PDF, 64 kB)

Utkilen fremja også eit framlegg der det heiter at «eldrerådet er kjent med at det er gjennomført ei kartlegging av aktivitetane i dei kommunale dagsentera, og har i den samanheng fått ei orientering om hovudfunna. Funna gir grunn til bekymring. Det er difor naudsynt snarast å få ei sak om korleis kommunen skal løysa ut desse funna."

Budsjettet vert endeleg vedteke av kommunestyret den 11. desember.

Framtidig organisering av helse- og velferd - Svar på verbalpunkt i budsjett 2025

Kommunestyret har bede om ei heilskapleg vurdering av kvaliteten i helse- og omsorgstenestene som grunnlag for framtidig organisering. Saka gir eit samla bilete av status og utfordringar innan kompetanse, leiing, sjukefråvær, bygningsmasse, velferdsteknologi og brukartilfredsheit i helse- og velferdstenestene.

Eldrerådet tok saka til orientering. Eldrerådet viser også til saksutgreiinga, og støttar at kommunedirektøren arbeider vidare med dette utviklingsarbeidet, og ser fram til at nyorganisering skal vera på plass i løpet av 2026. Eldrerådet tilrår vidare at det primært vert arbeidd vidare med ei omstilling av Helse og velferd i samsvar med føringane i rapporten om evaluering av drifta i Helse og velferd i Øygarden kommune gjennomført av PwC Consulting i 2023.

Den kulturelle spaserstokken

Eldrerådet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren og vedtok at framtidige tildelingar av midlane frå Den kulturelle spaserstokken skal fordelast slik det går fram av saka og har vore gjort dei siste åra: 

  • 80 prosent av beløpet til institusjonar i Øygarden kommune 
  • 20 prosent av beløpet til andre tiltak retta mot eldre 


Eldrerådet får lagt fram oversikt over framtidige tildelingar og program frå Den kulturelle spaserstokken (DKSS), etter kvart som desse vert klare.

Evaluering av eldredagen 1. oktober

Den internasjonale eldredagen vart markert onsdag 1. oktober 2025 på Odeon Kino Sotra. Arrangementet vart gjennomført i samarbeid mellom Eldrerådet og Pensjonistforbundet Fjell, og samla om lag 130 deltakarar. Temaet var bustader under planlegging og korleis eldre kan bu lengst mogleg heime. Programmet inneheldt faglege innlegg, kulturelt innslag, stands og dialog med publikum.

I drøftinga kom det fram ein del moment. Eldrerådet kjem tilbake til saka i neste møte.

Arbeidet med ny ungdomsskule på Bildøyna 

Øygarden kommune har vedteke å byggja ein ny ungdomsskule på Bildøy. Den nye Fjell ungdomsskule skal erstatta dagens Fjell ungdomsskule, som er i dårleg teknisk stand. Det nye skuleanlegget er planlagt plassert på dagens grusbane på Bildøy og skal dimensjonerast for 600 elevar. I tillegg skal det etablerast ei forsterka avdeling med kapasitet til 10 elevar med særskilde behov.

RFF fekk presentert planforslaget til ny ungdomsskule ved prosjektleiar John Andre Vegge.

I drøftinga kom det spørsmål om bruk av skulen på kveldstid. Det vart også stilt spørsmål om kvifor det er sett av 10 plassar til barn med spesielle behov. Det vart vist til at det i dag er 15 barn på barneskulen som har slike behov.

Andre tema i drøftinga var tilgang og bruk av Bildøyhallen og tilrettelegging for praktisk/estetiske fag.

Det var også spørsmål om taket på bygget kan nyttast til meir enn det som er presentert i skissa. Prosjektleiaren viste til maksimal byggjehøgde på åtte meter og at det avgrensar ekstra bruk av taket.

Tannhelse

Under posten open halvtime vart det vedteke å be om å få informasjon om status for tannhelsa til bebuarar på institusjonar i Øygarden kommune.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.