Frå møtet i ungdomsrådet på tysdag.I vedtaket om uttale til budsjettet heiter det at sommarjobb for ungdom både i helsetenestene og på andre område bør vidareførast då dette reduserer belastninga for dei som jobbar fast. Ungdomsrådet meiner at elevar som går på VG2, helsefag, bør få tilbod om sommarjobb, som gjev godt innsyn i faget og kan sikra rekruttering til tenestene.
Rådet uttalte seg også om skuleturar.
- Dersom det skal prioriterast mellom skuleturar, vil ungdomsrådet velja ein tur for 8. klassetrinnet som kan samla ungdomar på ny skule slik at dei vert godt kjende med kvarandre.
Budsjett og økonomiplan vert til slutt behandla i kommunestyret den 11. desember.
Innspel ny ungdomsskule
Øygarden kommune har vedteke å byggja ein ny ungdomsskule på Bildøy. Den nye Fjell ungdomsskule skal erstatta dagens Fjell ungdomsskule, som er i dårleg teknisk stand.
Ungdomsrådet fekk presentert planforslaget til ny ungdomsskule ved John Andre Vegge.
Det vart ikkje gjort vedtak i saka, men det kom nokre innspel og spørsmål frå medlemene i rådet. Det vart uttrykt glede over at det vert lagt opp til grøne uteområde med ulike aktivitetsinstallasjonar og at forslaget generelt er spennande og attraktivt.
Det vart stilt spørsmål om kvar kollektivtransporten skal gå i området og kvar dei fysiske aktivitetane skal gå føre seg. Det kom også spørsmål om kulturskulen får tilbod om undervisning på den nye ungdomsskulen.
Innspela vert tekne med i det vidare arbeidet med planlegging og utarbeiding av endelege teikningar.
Det nye skuleanlegget er planlagt plassert på dagens grusbane på Bildøy og skal dimensjonerast for 600 elevar. I tillegg skal det etablerast ei forsterka avdeling med kapasitet til 10 elevar med særskilde behov.
Prioritering tilskot til inkludering IMDi Bufdir
Øygarden kommune deltar i Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) si tilskotsordning «Tilskot til inkludering av barn og unge 2026». Ordninga er lagt opp til at frivillige lag og organisasjonar i Øygarden kan søkja tilskot, men det er kommunen som skal rangera søknadene før Bufdir gjer vedtak på kven som får innvilga stønad.
Administrasjonen har gjennomgått dei 13 innkomne søknadene og kjem med forslag til prioritering, men ungdomsrådet skal ha høve til å uttala seg. Ungdomsrådet si prioriteringsliste vert sendt til Bufdir.
Ungdomsrådet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren.
Evaluering av verknadene av ein meir praktisk skule
Bakgrunn for saka er verbalvedtaket i kommunestyret 19.12.2024 - 184/24, der det blei bedt om at det vart lagt fram ei sak som evaluerer verknadane av ein meir praktisk skule.
Kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei sak som evaluerer verknadane av «ein meir praktisk skule». Saka bør leggast fram før budsjettbehandlinga for 2026.
Kommunestyret løyvde kr 500.000 til utstyr/verktøy for praktiske fag i skulane i driftsbudsjettet for 2024. Dette vart følgt opp i driftsbudsjettet for 2025, der kommunestyret løyvde eín million kroner til oppgradering av utstyrspark for praktisk undervisning i skulen.
Erfaringane viser at samla sett bidreg dei lokale midlane kommunestyret løyver og dei nasjonale midlane vi får tilført, til utvida aktivitet, utvikling og tilrettelegging av opplæringa for alle elevane i skulane i Øygarden.
Kommunedirektøren tilrår at skulane held fram satsinga på praktisk og variert undervisning, og at kommunestyret vurderer løyvingar til dette føremålet i samband med fastsetjinga av driftsbudsjettet for 2026.
Ungdomsrådet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om å ta saka om verknadane av ein meir praktisk skule til orientering.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og bilete: Vigleik Brekke