- Vi har tatt sjølvkritikk og sett i verk tiltak
Kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, beklagar handteringa av ei tidlegare barnevernsak. Etter eit tilsyn i same sak, har Statsforvaltaren meldt Øygarden kommune til politiet for grov uaktsam tenestefeil.
Kommunedirektør Johnny BreivikIfølgje tilsynet gjorde ikkje barnevernet nok etter at bekymringsmeldingane kom inn. Saka er knytt til drap i januar 2024 av ei 33 år gamal kvinne som hadde to barn saman med den tidlegare sambuaren som er tiltalt for drapet og mishandling av barna.
Kommunedirektør Johnny Breivik stadfestar at kommunen er meldt til politiet. Alle pålegg og avvik er no lukka.
- Dette har vore ei stor belastning for dei involverte. Vi kan aldri reparera det som barna er utsette for, seier kommunedirektøren.
Johnny Breivik seier at kommunen tok grep både før og etter tilsynet.
- Tilsynsrapporten konkluderte i stor grad med det vi sjølv hadde konkludert med. Vi arbeider no på ein heilt annan måte. Det handlar mellom anna om tidleg innsats, dokumentasjon, kvalitetssikring og auka fokus på undersøking av bekymringsmeldingar.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 25.11.2025 13.10