Frå møtet i RFF på onsdag. Møtet vart leia av Christel Borge Bersaas-Nesse (nr. to frå venstre).Rådet uttalar at dersom ikkje tilbodet med arbeidskøyring held fram, må mange slutta i arbeidet.
- Dette vil føra til andre problem for dei dette gjeld. Kommunen får kanskje andre kostnader då dei treng andre tilbod. Behovsprøvd eigenandel kan vurderast, går det fram av uttalen frå RFF.
Rådet ønskjer vidare at det ikkje skal vera eigenbetaling for dei med inntekt under 2G. Det vert vist til skriv frå Statsforvaltaren om moglegheit for kommunen til å ta eigenandel for tryggleiksalarmar.
Andre innspel frå RFF:
- Oppmuntringspengar bør ikkje fjernast då det har ein stor verdi for dei som får det.
- Kutt i Pedagogisk psykologisk ressurssenter. To vakante stillingar, der det ikkje vert gjort tilsetning, går utover dei svakaste og vert ein kostnad for kommunen. Rådet kan ikkje sjå innsparing i dette.
- Kutt i Basecamp bør ikkje gjennomførast då tilbodet for ungdom vert redusert.
- Kutt i kyrkja bør revurderast då dette medfører mindre til tenester til brukarane. Kyrkja bidreg positivt når det gjeld tilhøyrsle, psykisk helse, familiemiddagar og tilbod til unge og eldre?
Innspel til planane om ny ungdomsskule på Bildøyna
Det er vedteke å byggja ein ny ungdomsskule på Bildøyna. Den nye Fjell ungdomsskule skal erstatta dagens Fjell ungdomsskule, som er i dårleg teknisk stand. Det nye skuleanlegget er planlagt plassert på dagens grusbane på Bildøy og skal dimensjonerast for 600 elevar. I tillegg skal det etablerast ei forsterka avdeling med kapasitet til 10 elevar med særskilde behov.
RFF fekk presentert planforslaget til ny ungdomsskule ved prosjektleiar John Andre Vegge.
Frå rådet vart det stilt spørsmål om universell utforming for både elevar og tilsette og kvifor det er sett av 10 plassar til barn med spesielle behov når det ifølgje spørsmålsstillar i dag er 15 barn på barneskulen som har slike behov.
Det var også innspel knytt til trapp, heis, amfiet og gjerde ved parkeringsplassen.
Det er ønske frå rådet om å få vera med i gruppa som arbeider med planlegging av skulen.
I saksutgreiinga går det fram at det er eit uttalt mål at universell utforming skal vera ein gjennomgåande kvalitet ved areala på Nye Fjell ungdomsskule. Universell utforming er eit premiss i planlegginga, slik at skulen kan møta mangfaldet og variasjonen i behova til brukarane og gi alle elevar eit likeverdig tilbod.
Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Innspela som kom i møtet vert tekne med i det vidare arbeidet med prosjektet.
Framtidig organisering av helse- og velferd - Svar på verbalpunkt 15 i budsjett 2025
Kommunestyret har bede om ei heilskapleg vurdering av kvaliteten i helse- og omsorgstenestene som grunnlag for framtidig organisering. Saka gir eit samla bilete av status og utfordringar innan kompetanse, leiing, sjukefråvær, bygningsmasse, velferdsteknologi og brukartilfredsheit i helse- og velferdstenestene.
Rådet tok saka til orientering.
Plan for Straume sentrum
Det var også ein presentasjon av områderegulering Straume sentrum Nord ved arealplanleggjar Hilde Greve. Det er ønskeleg med innspel til området rundt (tidlegare) Stovevatnet.
Rådet peika mellom anna på at det må leggjast til rette for at rullestolbrukarar kan koma seg fram også der det er planlagt trapper og andre hindringar. Møteplassar og aktivitetar må vera lett tilgjengeleg for alle.
Steinlagde gater og plassar kan vera ei utfordring. Det bør nyttast belegningssteinar/heller som ikkje er for små og har for ujamne overflater. Når det gjeld ny vidaregåande skule ønskjer RFF at ein heller legg ned parkett enn gummi på golv innandørs.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke