25-årsjubilantane saman med ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny BreivikJubilantane har oppteningstid i éin av dei tre tidlegare kommunane og fem år i ny kommune. Dei fekk gåvekort (eller medalje) og servert tallerken med saltmat og kaker og kaffi.
Kommunedirektøren sa at gjennom desse åra har medarbeidarane vore med på å forma kommunen, bygd tenester og skapt tryggleik og kvalitet for innbyggarane. Dyktige tilsette er ryggrada for alle verksemder.
- De har stått i endringar, utfordringar og opplevd utvikling. 40 år i teneste er nesten eit heilt arbeidsliv. Det vitnar om ein unik dedikasjon og vilje til å bidra over tid. 25 år er også ein imponerande milepåle. De har vore med lenge nok til å oppleva korleis kommunen har vakse og endra seg, og de har hatt viktige bidrag i dette arbeidet, sa Johnny Breivik.
Kommunedirektøren sa at jubilantane representerer verdifull kompetanse og erfaring og at dei er dei viktigaste kontinuitetsbærarane våre.
- Det er difor ekstra kjekt for meg å invitera til ein festpynta kultursal og gjera fortent stas på dykk i dag. Tusen takk for innsatsen, for samarbeidet og for alt de har gjort – og framleis gjer – for fellesskapet! sa Johnny Breivik.
40-årsjubilantane saman med ordførar og kommunedirektørVedtek ikkje godt arbeidsmiljø
Ordførar Tom Georg Indrevik gav uttrykk for stor takksemd for lojalitet, forplikting og arbeidsglede som medarbeidarane har vist. Han var oppteken av korleis det vert skapt godt arbeidsmiljø og gode tenester for innbyggjarane.
Indrevik sa at eit arrangement som dette gir oss høve til å stoppa opp, sjå tilbake på og verdsetja engasjementet og innsatsen som er lagt ned gjennom mange år.
- Eit godt arbeidsmiljø er ikkje noko vi vedtar. Det er noko som vert skapt kvar dag ute på alle tenestestadene rundt om i kommunen. Kommunen er oss, innbyggjarane og tilsette som bidreg til å utvikla kommunen.
Husbandet framførte tre julesongarHusbandet, samansett av Turid Algrøy, Nils Arthur Amundsen, Rune Karstensen og Jan Helge Solheim framførte på vakkert vis tre julesongar; Himmel på jord, Nordnorsk julesalme og Det lyser i stille grender.
Det var også historisk tilbakeblikk på 1985 og 2000 og intervju av 40-årsjubilanten Sigrid Midttveit og Vibecke Hodnekvam (25-årsjubilant).
Her er oversikt over alle jubilantane. (PDF, 86 kB)
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Amini Farshid og Vigleik Brekke