Litt etter klokka 14 på fredag kunne Jarle Rennedal i Sartor Storsenter telja ned for å få slått på lysbrytaren. No kan Grønamyrvegen med rette kallast julegate i ein halvannan månad framover. Eit dusin interesserte frå kommuneleiinga og næringslivet fekk med seg at lysa i julegata vart tente.
Julegata fredag kveldProsjektleiar for Miljøløfte-prosjektet sentrumsgate Grønamyrvegen, Andreas Kårbø, seier at lysa vil stå på fram til andre helga i januar.
Kommuneleiinga og senteret ville gjerne at lysa kom på ved inngangen til advent.Formålet med sentrumsgate Grønamyrvegen er å oppgradera gata til gatestruktur med større fokus på gåande og syklande. Den oppgraderte gata vart offisielt opna 17. september.
På tvers av Grønamyrvegen går det ein almenning heilt frå Straumsfjellet i aust, gjennom senteret ned til sjøen ved Straume Sjøfront i vest.
Frå kommunen møtte mellom anna ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik.

Tekst: Vigleik Brekke
Bilete: Jarle Rennedal og Vigleik Brekke
Publisert 28.11.2025 17.13