Oppgradert gate vert til glede for alle

Onsdag var det offisiell opning av sentrumsgate Grønamyrvegen på Straume. Prosjektet til rundt 70 millionar kroner er finansiert gjennom Miljøløftet. Leiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun, sa at den oppgraderte vegen vil vera til beste både for syklande, gåande og andre trafikantar.

Her klipper Børge Haugetun og Kari Gåsemyr snora for å markera opninga av sentrumsgate Grønamyrvegen - Klikk for stort bileteHer klipper Børge Haugetun og Kari Gåsemyr snora for å markera opninga av sentrumsgate Grønamyrvegen

Opninga vart lagt til Europeisk mobilitetsveke (16. – 22. september). Vegen vert teken i bruk for alle trafikantar i løpet av oktober. Kåre Bjorøy i Sartor Drange sa at vegen ligg på ei myr og at vegen no er gjort stabil for framtidig bruk. Prosjektleiar i kommunen, Andreas Kårbø, understreka at vegen er universelt utforma og godt opplyst. Vegen vert teken i bruk i løpet av oktober.

- Dette er ein stor dag for Øygarden kommune og Straume. Vegen er ikkje meir enn vel 400 meter, men det har skjedd ei stor forvandling. Temaet for Europeisk mobilitetsveke er «Mobilitet for alle», og denne vegen tek i vare behovet til både syklande, gåande og køyrande. Vi må sjå denne oppgraderinga i samanheng med utbygginga av Sotrasambandet, sa Børge Haugetun.

Lettare utan bil

Leiar for sekretariatet i Miljøløftet, Kari Gåsemyr, forklarte dei 200 som deltok på opninga kva Miljøløftet er. 

- Vi skal heia på at det ikkje skal verta meir biltrafikk og at det skal vera lett og trygt og gå og sykla. Det skal også vera lettare å reisa med byss. Vi ønskjer at det skal vera trygt å gå til vener, til skulen og til fritidsaktivitetar utan å vera redd for trafikken. Før var det mange bilar her. No vert det tryggare og betre å flytta på seg utan bil, akkurat her, sa Kari Gåsemyr.

Sykkelshow med Moow høyrer med - Klikk for stort bileteSykkelshow med Moow høyrer med

Deltaking frå fire barnehagar og Brattholmen skule sette flott farge på arrangementet. Barn frå  Læringsverkstedet Aronien og Straume, Eventus Sartorlunden og Tiriltunet framførte to songar. I tillegg framførte sjette trinn på Brattholmen skule tre songar.

Moow skuffar aldri på slike tilstellingar. Eirik Ulltang og Mads Lexander skapte stor stemning blant barna og elevane med  imponerande trialsykling. Basecamp ved Joachim Andressen var som vanleg på plass med sykkelservice, og Miljøløftet med Sturla Kverneng og Bettina Normann engasjerte barnehagebarna og elevane med konkurranse der alle fekk premie.

Prosjektet sentrumsgate Grønamyrvegen er altså finansiert gjennom Miljøløftet. Formålet er å oppgradera gata til gatestruktur med større fokus på gåande og syklande.

Det heile vart stødig og muntert leia av Unni Sørensen.

Sjette klasse på Brattholmen skule framførte tre songar. - Klikk for stort bileteSjette klasse på Brattholmen skule framførte tre songar.

Fakta om sentrumsgate Grønamyrvegen

  • Totalbudsjett på 70,3 millionar kroner
  • Miljøgate om lag 450 meter
  • Gode fortauareal for mjuke trafikkantar
  • Beplantning, kvilebenker, bosspann
  • God belysning, men samstundes lite lysforureining
  • Nytt vatn- og avlaupsanlegg 
  • Naudflomveg. Tidlegare har vatnet runne inn på senteret ved store vassmengder.
  • Optimalisert opp mot tilstøtande eksisterande bygningsmasse og infrastruktur
  • Total ansiktsløftning for Kystbyen, og tilrettelegging for framtidige utbyggingar
    (Kjelde: Sartor Drange)

Her er fleire bilete:

Gåsemyr, Thea Leane Mortensen Lynge, Børge Haugetun og Isak Vik. Thea Leane og Isak (6. kl. Brattholmen skule) heldt i snora då ho var klipt. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Sykkelshow med Moow høyrer med - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Unni Sørensen og Vigleik Brekke