- De viser veg for andre

Det vart gjort stor stas på barna i Tiriltunet barnehage på onsdag då både ordførar, varaordførar, målfolk og bankfolk troppa opp. Sotra Mållag, som deler ut bokpakke til alle barnehagane i gamle Sund og Fjell, nytta også høvet til å dela ut målblom til barnehagen.

Ordførar Tom Georg Indrevik prøvde seg som pedagog og litteraturformidlar. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik prøvde seg som pedagog og litteraturformidlar.

Om ikkje dette var nok, iførte banksjef Camilla Nygård seg bankmaskoten Gulle. Banken har i 2025 støtta Sotra Mållag med 50 tusen kroner. Dette gjer mållaget i stand til å dela ut bokpakkar med 10 bøker til 27 barnehagar. Kanskje andre barnehagar enn dei 27 får besøk av mållaget også…..

Tiriltunet barnehage er ifølgje mållaget den einaste private barnehagen som nyttar nynorsk.

- Tiriltunet barnehage brukar nynorsk i profileringa på internett. Då viser barnehagen at det er mogleg å bruka språket for å styrkja lokal tilknyting og å skapa eit medvite forhold til språk og kommunikasjon. Denne barnehagen viser veg, seier leiar i mållaget, Kari Østervold Toft.

Denne dagen fekk dagleg styrar Lene Foldnes Fjell overrekt diplom.

- Til våren skal dei få ein blome til hagen sin, lovar mållagsleiaren.

Leiar i Sotra Mållag, Kri Østervold Toft, overrekte målblom til styrar Lene Foldnes Fjell. - Klikk for stort bileteLeiar i Sotra Mållag, Kri Østervold Toft, overrekte målblom til styrar Lene Foldnes Fjell.

Bra for språkutviklinga

Styrar Lene Foldnes Fjell seier at det var stor stas å få målblome. 

- Å bli anerkjent for vår bruk av nynorsk var ikkje forventa, så overraskinga var stor! seier ho.

Barnehagen er bevisst på å lesa gode nynorske bøker for barna. 

- Desse bøkene har ofte flotte illustrasjonar og kan vera humoristiske og spennande. Teksten er naturleg og levande for barna. Og ikkje minst er det bra for språkutviklinga til barna å møta mangfaldet av bøker som finst der ute, seier styraren som takkar for bokpakken som vart overrekt.

Ludvik Thormodsen - Klikk for stort bileteLudvik Thormodsen

Ludvik Thormodsen er fem år og går i Tiriltunet barnehage. Han likar at det vert lest frå bøker både heime og i barnehagen. Ei av dei bøkene han likar er Anna R. Folkestads bok Krabbekrise der Besta og Bo vil vinna konkurransen om å fiska flest krabbar.

- Den boka er morosam. Ho vann konkurransen då ho tok skinke på seg i staden for solkrem, seier Ludvik som gler seg til skulestart i august.

Frå Sotra Mållag og Hordaland mållag møtte også Bjarne Skagestad og Ane Landøy.

Sparebanken Norge møtte også kvinne- og mannsterkt opp. Gulle (banksjef Camilla Nygård) fekk god assistanse frå Rune Straume og Steffen Amland.

Det er 27 barn i Tiriltunet barnehage - Klikk for stort bileteDet er 27 barn i Tiriltunet barnehage

Viktig tiltak

Ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Anita Garlid Johannessen meiner at utdeling av nynorskbøker er eit viktig tiltak.

- Hugs at Øygarden er verdas største nynorskkommune i folketal. Det er viktig at vi har fokus både på nynorsk og lesing. Det er flott at banken støttar opp om dette tiltaket, seier ordføraren.

Det var i vår at Sparebanken Norge delte ut 50 tusen kroner til Sotra Mållag. Nesten heile beløpet går til å kjøpa inn nynorskbøker til barnehagane. 

- Vi gratulerer Sotra Mållag med jubileet. Vi vil gjerne fremja det gode prosjektet med utdeling av bøker til barnehagane. Dette styrkjer den lokale identiteten og bidreg til at nynorsken vil vera eit føretrekt skriftspråk også framover, seier Rune Straume i Sparebanken Norge.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 
Tekst og foto: Vigleik Brekke